Illustrasjonsfoto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Klaga over smerter i ein fot.

Laurdag ettermiddag fekk naudetatane melding om ein kollisjon mellom ein bil og ein motorsykkel ved McDonald’s på Heiane.

– Føraren av motorsykkelen er oppegåande, men har smerter i ein fot, opplyser Sørvest politidistrikt.

MC-føraren, som er ein mann i byrjinga av 40-åra, blei sendt til sjukehus for sjekk og røntgen.

Politiet seier årsakssamanhengen førebels er ukjent. Saka vil bli etterforska vidare.

– Det kan sjå ut som at bilen ikkje har overhalde vikeplikten, opplyser vaktsjef Odd Helge Åkse ved Haugesund politistasjon.

- Annonse -

Det er ingen mistanke om promille.

– Det er ofte slik i ulukker der MC er innblanda at samanhengen handlar om at dei ikkje er så lett å oppdaga i trafikken.