- Annonse -

To personar kolliderte i Litlabø-krysset ved E39 laurdag ettermiddag. Vegen er no open for fri ferdsel.

Klokka 16.28 melde politiet om ein kollisjon med to personbilar i Litlabø-krysset på Stord.

Politiet melder at to personar er involvert i ulukka. Ein av dei er frakta til legevakta med ambulanse.

– Ein person klaga over smerter i beina, ellers ukjent omfang. Det er store materielle skader på bilenane, melder Sør-Vest politidistrikt.

Personen som er skadd er ein mann i 60-åra. Personen som kolliderte er ei kvinne i 40-åra.

– Det tyder på at det har vore brot på vikeplikta, seier operasjonsleiar Irene Rargnhildstveit i Sør-Vest politidistrikt.

- Annonse -

– Kvinna kom køyrande sørover på E39, då har den andre bilen brote vikeplikta, og fått den sørgåande bilen inn i sida.

Politiet opplyser at dei har teke beslag i førarkortet til mannen, men at han ikkje samtykka i det.

Vegen vart først stengt i begge retningar, men vart etter kvart opna igjen.

- Annonse -