- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Eit hus er brent ned til grunnen i Tittelsnes i Sveio, og politiet fann til slutt ein død person etter mykje uvisse.

Det var like før klokka 3 i natt at det byrja å brenne i et bustadhus i Valevåg.

– Me fekk melding klokka 02.57, og då var det full fyr i huset. Brannen vart slukka på morgonkvisten, men me kan enno ikkje ta oss inn i huset grunna varmen, operasjonsleiar sa Norunn Byrknes i Sør-Vest politidistrikt til Stord24 i 9.30-tida laurdag morgon.

På det tidspunktet hadde ikkje politiet det på det reine om det var omkomne i brannen, men dei melde ein person sakna. Politiet sa dei forsøkte å kome i kontakt med familie og bekjente av den sakna for å finne ut om han/ho var heime, men utan hell.

På ettermiddagen laurdag blir det klart at politiet har funne den sakna personen død i huset som brann.

Det var politiets kriminalteknikarar som fann den omkomne i 13-tida laurdag ettermiddag, skriv Haugesunds Avis.

- Annonse -

– Me held no på å varsle pårørande, sa operasjonsleder Jan Magne Østebøvik til avisa.

- Annonse -