Illustrasjonsfoto.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Natt til laurdag fekk brannvesenet melding om full fyr i ein einebustad i Foldrøyhamn på Bømlo.

Klokka var 1.20 på natta då naudetatane rykte ut til brannen. To timar seinare meldte politiet at det brannvesenet framleis ikkje hadde fått kontroll på brannen. Det førte til at kraftlaget midlertidig kutta straumen til nabolaget.

Først trudde politiet at huset var tomt då det byrja å brenne, men fant seinare ut at dette ikkje var tilfelle.

– Ein person var til stades i bustaden då det byrja å brenne. Han skal ikkje vere skada, skriv politiet.

Politiet melder at det var stor røykutvikling i området då brannen sto på som verst. Eitt nabohus vart evakuert, men det var ikkje umiddelbar fare for spreiing.

Først klokka 6.30 laurdag morgon kunne politiet melde at det var kontroll på brannen. Ytterveggane i huset står framleis, men det er totalt utbrent innvendig.

- Annonse -
- Annonse -

Det er førebels ikkje sagt noko om årsaka til brannen.

- Annonse -

Har du bilete frå brannen? Tips oss gjerne på redaksjonen@stord24.no.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -