Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det oppsto brann i ein einebustad i øvre Borggata fredag ettermiddag.

Politiet opplyser at dei fekk melding om brannen i 17.45-tida fredag. Det var meldt om mykje røyk frå einebustaden.

Ein person, ein mann i 40-åra, er henta ut frå bustaden og «overteke av helse», skriv politiet på Twitter. Tilstanden hans er ikkje kjend.

Politiet opplyser at tre polititenestemenn blei eksponert for mykje røyk då dei valde å ta seg inn i bustaden for å redde mannen ut. Alle dei involverte blei sendt til legevakta.

– Røykdykkarane er no inne i bustaden og driv sløkking. Eg trur ikkje det ser så veldg gale ut. Noko meir enn dette veit eg førebels ikkje, seier vaktleiar i 110-sentralen, Bjørn Tollefsen til Stord24.

Bustaden som brann ligg i Borggata i Leirvik sentrum.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Ut av dei siste opplysningane var det ikkje så mykje som brann.

Like før klokka 19 meldte politiet at dei hadde kontroll på staden.

– Det har vore ein god del røyk. Det er store røykskadar og vannskadar om følgje av sløkkinga, og det er også brannskadar, seier Victor Fenne-Jensen, operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt til BT.

Årsaka til brannen er førebels ukjend.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -