- Annonse -

Ein bil køyrde ut av vegen ved Skjersholmane fredag kveld.

Rett etter klokka 18 meldte politiet om trafikkuhellet på vegen mot Skjersholmane på Stord.

– Bilen har køyrt ut i ein skarp høgresving. Det var to personar i bilen, melder Sørvest politidistrikt.

Ein person vart frakta vekk med ambulanse. Han skal ha klaga over smerter i bryter, i følgje politiet.

- Annonse -

Det var manuell dirigering på staden etter hendinga.

Foto: Severin Eskeland