Foto: Pixabay
- Annonse -

Seint onsdag kveld blei det klart at ein medarbeidar i Helse Fonna har testa positivt for covid-19. Sju medarbeidarar er i samanheng med dette sett i karantene. Helse Fonna set no i verk fleire strenge tiltak ved alle sine sjukehus og lokasjonar.

Pressemelding frå Helse Fonna.

– Den aktuelle medarbeidaren jobbar til dagleg ved Haugesund sjukehus og har vore i karantene sidan vedkomande fekk symptom og vi har starta nødvendig smitteoppsporing som har ført til at sju andre medarbeidarar er tatt ut av arbeid og sett i karantene, seier administrerande direktør Olav Klausen.

– Vi har oversikt over pasientane medarbeidaren har vore i kontakt med i den perioden vedkomande har vore smitteførande og følgjer dei tett opp, seier Klausen.

To pasientar i karantene etter smitteoppsporing

I tillegg har smitteoppsporing ført til at to pasientar og éin medarbeidar er sett i karantene. Dette skjer i samband med at ein pasient som var inne til poliklinisk time ved Haugesund sjukehus seinare fekk påvist covid-19.

– Vi har tatt kontakt med to pasientar som var i nærkontakt med vedkomande under sjukehusbesøket sitt og som derfor skal halde seg i karantene i 14 dagar. Ingen av desse to har til no fått symptom på koronasmitte, seier administrerande direkør i Helse Fonna Olav Klausen.

- Annonse -

– Pasientar som no ikkje er blitt kontakta av oss som ein del av smitteoppsporinga rundt den polikliniske pasienten kan gå ut i frå at dei ikkje har vore utsett for smitterisiko knytt til denne hendinga, seier Klausen.

Ingen innlagte pasientar med påvist smitte

– Det er per no ingen innlagte pasientar i Helse Fonna med påvist smitte, seier Olav Klausen.

Han informerer samtidig om at det ellers er eit tjuetals andre medarbeidarar i Helse Fonna som er i karantene av andre årsakar som ikkje er knytt til den polikliniske pasienten eller den smitta medarbeidaren.

Stenger sjukehus og institusjonar for besøk

Frå og med fredag 13. mars vil alle sjukehus og distriktspsykiatriske senter i Helse Fonna innføre besøksforbud. Dette vil seie at ingen får komme på besøk til innlagte pasientar. Det vil vere nokre få unnatak: Kritisk sjuke, barn/unge og fødande kan få besøk av éin person.

– Dette gjer vi etter ein totalvurdering av smittesituasjonen i landet no, og dei signala som kjem frå Helsedirektoratet om forventa utvikling. Vi forventar at folk respekterer dette, slik at det ikkje skal bli nødvendig med vakthold, noko vi vil vurdere, seier Klausen.

Pasientar som skal til time på sjukehuset og som har symptom på luftveisinfeksjon (hoste, feber eller tungpust) må ta kontakt med Helse Fonna via melding på helsenorge.no eller på telefon 52 73 90 00. Det er dessverre lengre ventetid på telefon enn vanleg, så bruk gjerne helsenorge.no dersom det er meir enn 48 timar til timen din.