- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein bil køyrde ut av vegen i Fitjarvegen tysdag ettermiddag.

Ulukka skjedde ved at ein bil hamna ut av vegen, på riksvegen mot Fitjar nord for Dåfjorden.

Det var berre ein person i bilen som køyrde ut av vegen, ein mann rundt 40 år. Han er no frakta til Stord sjukehus med lettare skader.

– Han klaga på noko smerter i ei skulder, og er teken med i ambulanse, seier operasjonsleiar Rune Tallaksen i Sørvest politidistrikt.

Politiet melder om mykje vatn i vegbanen der ulukka fann stad.

– Det er mykje vatn i vegbanen og delvis glatt, melder politiet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Trafikken flyt greit etter ulukka, då vegen berre er sperra i eitt køyrefelt.

– Bilen står litt ut i vegbanen. Difor er det manuell dirigering på staden, seier operasjonsleiaren.

Bergingsbil er på veg.

- Annonse -