Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

Ein mann knuste ei rute og tok seg inn på batterifabrikken på Årskog i Fitjar.

Politiet fekk melding om eit pågåande innbrot i fabrikklokala klokka 08:30 tysdag morgon. Ei rute har blitt knust.

– Vi fekk melding om at det var folk inne i bygget, fortel operasjonsleiar Kurt Løklingholm ved Sør-Vest politidistrikt.

Klokka 09:16 meldte politiet på Twitter at ein person har blitt arrestert. Det er tale om ein utanlandsk mann i 50-åra.

– Han vil bli køyrd til arresten i Haugesund. Vi har ikkje fått snakka med han sidan han ikkje snakker norsk, så vi vil trenge tolk. Han var i tillegg noko aggressiv, men han har roa seg no, opplysar Løklingholm.

Mannen vart teke på staden og har såleis ikkje teke med seg noko. Han var aleine på staden.

- Annonse -