DEBATT: Me treng fagarbeidarane, og me treng å sjå kva kompetansen deira kan brukast til, både i kommunen, i spesialisthelsetenesta og på sjukehus.
Av: Solveig Myhre Kvinnesland
Stord FrP sin 35. kandidat til kommunestyret, og helsefagarbeidar
Engasjementet rundt mangel på helsepersonell på sjukehus, i kommunen og i spesialisthelsetenesta er stort.
Det blir sagt at ein ikkje har nok hender på jobb. Det blir også nevnt at helsefagarbeidarane burde få fleire oppgåver for å frigjere kapasitet til sjukepleiarane.
Ein kan spørje seg om situasjonen me no står i kom som eit sjokk. Kvifor har ein ikkje nok folk på jobb? Kvifor er sjukefråveret høgt? Kvifor klarer ein ikkje å rekruttere helsepersonell til dei ulike arbeidsplassane i kommunen vår?
Uavhengig av utdanning gjer kvar og ein som jobbar på golvet, og som har pasientkontakt, ein heilt fantastisk jobb.
Grunnbemanninga er altfor låg, difor har ein ingen å «spele på» når det oppstår fråver. Hadde ein auka grunnbemanninga så hadde sjansen vore større for at sjukefråveret hadde gått ned, slik at ein kunne gitt verdig og god behandling til kvar enkelt. Behandling og pleie av menneske fungerer ikkje med begrensa tid.
Når det gjeld helsefagarbeidarane, ei gruppe eg sjølv representerer, er det fleire faktorar me må setta fokus på. Me er avhengige av tverrfaglegheit, me er avhengige av lønn og me er avhengige av heile stillingar.
Om det er slik at ein no ser at ein treng helsefagarbeidarar til å utføra fleire oppgåver, for å på denne måten frigjere kapasitet andre stader, må ein også sjå på lønna. For korleis skal ein klare å rekruttere fleire inn i helsevesenet om ein ikkje kan tilby ei lønn det går an å leve av, eller om ein ikkje har ei 100% stilling å tilby?
Helsepersonell treng tryggleik og stabilitet, både privat og på jobb. Pasientane treng helsepersonell med kompetanse, stabilitet, verdighet og tryggleik.
No er det på tide å ta inn over seg kva veg dette går. Me treng fagarbeidarane, og me treng å sjå kva kompetansen deira kan brukast til, både i kommunen, i spesialisthelsetenesta og på sjukehus.
Eg er glad for at Stord FrP har høyrt på oss, og lagt inn auka grunnbemanning i sine budsjett.