Gisle Alsaker var konsertens midtpunkt, med sine imponerande vokale krumspring. Foto: Harald Onarheim
- Annonse -

Dei dyktige musikarane i Tuning Expedition utforska grenselandet mellom jazz, pop og soul på Arena laurdag. Røysta til Gisle Alsaker var eit av kveldens sentrale instrument.

– Er det eigentleg lov med allsong på ein jazzklubb?

Vokalist Gisle Alsaker måtte henta seg litt inn etter ein av låtane der stemninga var aller best blant publikum under gårsdagens konsert med jazzbandet Tuning Expedition på Arena. For dette kunne like godt vere ein popkonsert.

Og det var imponerande mange som hadde møtt opp på Arena denne kvelden, trass i at klokka sju på ein laurdag er eit ugunstig tidspunkt for mange å dra ut på. Det må ha vore over 100 personar som fekk med seg konserten som var arrangert av Stord Jazzklubb.

Tuning Expedition består av ei rekkje kjenningar frå musikkmiljøet på Stord, med Ole Jacob Hystad, Halvor Folgerø, Gisle Alsaker og Tarald Tvedten. Med seg hadde dei også fått den dyktige bergensaren Helge Lilletvedt på keyboard.

Jazz i grenseland

- Annonse -

Stord Jazzklubb har verkeleg gjort ein imponerande innsats i å vise fram jazzsjangeren i all si breidde etter oppstarten for eit drygt år sidan. Klubben har vore innom mange av sjangerens falsettar, heilt frå den særaste frijazzen til laurdagens konsert, som kan skildrast som i å vere i eit ytterpunkt i den andre enden av skalaen.

Det gjekk i smooth jazz, i grenselandet mellom jazz, pop, soul og R&B. Ein sjanger som verkeleg var skreddarsydd for ein laurdagskveld på Arena. Dette hadde rett og slett ikkje funka som ettermiddagskonsert i den prektige konsertsalen på Grand Hotell.

Kveldens konsert besto i all hovudsak av tolkingar av den amerikanske jazzlegenden Al Jarreau, som døydde tidlegare i år, 76 år gammal. Jarreau hadde sitt gjennombrot på 80-talet, og er kjend for sin radiovennlege og  funky jazz der han nytta si eiga røyst som eit instrument.

Foto: Harald Onarheim

Bandet gjorde ein imponerande jobb i å få fram det spennande lydbiletet i denne sjangeren, som diverre er blitt så gjennomkommersialisert at det er vanskeleg å frigjere seg frå kjensla av at ein befinn seg i ein amerikansk hotellobby eller eit kjøpesenter.

Røysta som instrument

Det gjeldt spesielt for vokalist Gisle Alsaker, som ikkje berre har måtta lære seg teksten til låtane, men også scatting, klikking og beatboxing. Her gjorde han ein imponerande jobb i gjere røysta til ein naturleg del av det musikalske uttrykket til bandet. Det var også tydeleg at publikum lot seg imponere av dei «ekvilibristiske vokale krumspringa som vestlandet aldri før har sett», som Ole Jacob Hystad sjølv formulerte det i omtalen av konserten.

Dei dyktige musikarane i bandet briljerte på kvart sine instrument både i samspel og i solistisk improvisasjon, som jo er nær obligatorisk på ein jazzkonsert. Spesielt bør ein trekkje fram Hystad og Lilletvedt sine soloparti, som verkeleg var med på å skru opp nivået på konserten.

Fulle hus

Konserten på Arena var bandet sin tredje konsert, og det har vore fulle hus kvar gong. Med god grunn. Det spørs kanskje kor mange fleire konsertar dei kan dedisere til Al Jarreau før det begynner å bli litt monotont. Det er grenser for kor interessant tolkinga av ein så tilgjengeleg jazzartist kan bli i lengda, uansett kor dyktige musikarane skulle vere.

Håpet er difor at bandet ved neste høve utvidar repertoaret og overraskar publikum med låtmateriale frå andre spennande jazzlegender. Det har dei alle føresetnadane for å klare. Publikum som hadde møtt opp på Arena fekk likevel ein god svært god start på laurdagskvelden denne helga.

- Annonse -