- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord Jeger- og Fiskerforbund feirer 70 år med ny jubileumsbok.

70 år etter oppstarten av klubben vil forfattar Atle Bjørn Mæhle løfte fram historien i ein ny bok.

– Eg gjer det av interesse. Eg tykkjer det er viktig å ta vare på historia til lag, organisasjonar og institusjonar i eit samfunn. Dei er ein del av historia om korleis dette samfunnet har vakse fram, seier Mæhle.

Jubileumsboka «70 år med jakt og fiske» vart lansert søndag kveld på Nordbygdo ungdomsskule. Det var mange interesserte som fekk høyra forfattaren fortelje om korleis boka hadde blitt til.

– Det er lett å gløyma kor viktige dei er for lokalsamfunnet, og kor mykje arbeid folk legg ned frivillig og på dugnad til dømes i idrettslag, i jakt og fiskerforeningar, i husflidlag, i speidaren, i turlaget for å nemna nokre.

Forfattar Atle Bjørn Mæhle og leiar i SJFF Karina Stokke Mæhle.

I  boka fortel Atle Bjørn Mæhle historia til laget frå starten i 1949 til årsmeldinga for 2017.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Eg har funne mange forvitnelege historier, og har med ei mengd bilde. Mange vil kjenna seg att.

Han fortel særskild om leiarar og sentrale personar i laget, og han har tatt meir grundig føre seg fire tema: Fiskegruppa, Jaktgruppa, Hytter og tomter og om Ålefangst i Storavatnet.

70 år etter oppstarten er Stord Jeger- og Fiskerforening framleis ein aktiv gjeng.

Laget disponerer hytter ved Tysevatnet, ved Budalsvatnet og disponerer hytte på Husøya, den siste i samarbeid med Velforeninga i Stord kommune (Stord Ve og Vel).

- Annonse -