Foto: Pixabay
- Annonse -

Så mange som 26 prosent av elevane i vidaregåande skular i Hordaland seier dei er plaga av einsemd. Så mange har det aldri vore før.

Dei ferske tala er henta frå Ungdata, som er ein spørjeundersøking der meir enn 15.000 skuleelevar i Hordaland blir spurt. Her kjem det altså fram at einsemda er på frammarsj blant unge.

Aller verst er det blant jenter på vidaregåande skular i fylket. Heile 33 prosent av desse har svart at dei kjenner seg einsamme, mot 17 prosent av gutane.

– Både i Hordaland og resten av landet er det fleire unge som melder om det ein kan kalle lettare depresjonar og at dei kjenner seg utanfor fellesskapen. Dette er noko skulane er medvitne om, seier Svein Heggheim, fylkesdirektør for opplæring i Hordaland fylkeskommune.

Jenter treng nære relasjonar

Heggheim trur den store skilnaden mellom jenter og gutar handlar om at gutane får meir ut av organiserte aktivitetar.

– Mange har eit inntrykk av at gutane i høgre grad finn fellesskap gjennom aktivitetar, medan jentene er meir avhengige av nære relasjonar til venninner også utanom bestemte aktivitetar. Dette mønsteret blir truleg klarare i vidaregåande skule, sidan etablerte nære relasjonar hos jentene blir brotne opp og det kan vere meir krevjande å skape nye, seier Heggheim.

- Annonse -

Undersøkinga viser at dei som ikkje er med på fritidsaktivitetar er meir einsame. Det same gjeld dei som har opplevd dårleg familieøkonomi.

Mindre drikking, meir skjermtid

Det er også positive ting som kjem fram i undersøkinga, mellom anna at ungdom røyker, drikk og snusar mindre og mindre no enn før.

Men baksida av medaljen ser ut til å vere at tida ungdom før i tida brukte på rus og festing, no går med til å sitje framføre ein skjerm. Dette gir utslag både i søvnproblem og einsemd.

– Ungdommane sit mykje framfor skjermar, noko rapporten ser i samband med både kjensla av einsemd og søvnproblem. Av dei som sit meir enn seks timar føre ein skjerm, utanom skuletid, svara svært mange at dei også har søvnproblem.