Høgskulen på Vestlandet, campus Stord. Foto: HVL
- Annonse -

Strykprosenten på 33,3 prosent blant sjukepleiarstudentane på Stord er blant den høgste i landet.

På landsbasis stryk fleire enn to av ti studentar på sin første eksamen, ifølgje tal frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT).

Men det er store geografiske forskjellar. Ved sjukepleierutdanninga i Bergen er strykprosenten berre 5,6 prosent, medan det på Stord var heile 33,3 prosent av sjukepleiarstudentane som strauk på sin første eksamen.

I landstoppen

Det gjer at Stord er blant dei fem sjukepleiarutdanningane i landet med høgst strykprosent. Prorektor ved Høgskulen i Vestlandet, Liv Reidun Grimstvedt, seier at dei ikkje er nøgd med dei høge tala på Stord.

– Det er opplagt at me ikkje er nøgd med at resultata hos oss er såpass dårlege som dei er. Det er eit viktig fag som viser at sjukepleiarstudentane kan det dei skal. Hos oss tek me dette på det høgste alvor. Me forventar betree resultat til neste år, seier Grimstvedt til Stord24.

- Annonse -

– Kva er årsaka til dei høge tala?

– Det er ikkje godt å seie. No kjem me til å samkøyre rammmeverket ved korleis utdanninga vert lagt opp. Etter fusjoneringa jobbar me no saman for å få like resultat på alle sjukepleiarutdanningane ved HVL, og vil hente det beste frå kvarandre.

 

Prorektor for utdanning i HVL, Bjørg Kristin Selvik, seier til BA at dei store variasjonane har samanheng med ulikt søkjarartal, men at det også er eit teikn på forbetringspotensiale blant lærestadane med høg strykprosent.

– Det er ulikt tal på søkjarar på dei ulike stadane. Det kan bety noko for at resultata varierar.

Forbetringspotensiale

Selvik viser til at det er snakk om ein fersk eksamen, og at det er eit teikn på at ein må gjere utdanninga betre.

– Me kan sjå kva som verkar, og gjere det alle stadar. Det er me allereie i gang med. Ved HVL har me sagt at me vil samordne like utdanningar på dei ulike campusane. Det vil forhåpentlegvis gi betre resultat, seier ho.

Resultata er hanta frå ein nasjonal deleksamen i anatomi, fysiologi og biokjemi for ferske sjukepleiarstudentar, innført i 2015.

- Annonse -