- Annonse -

Som eit resultat av at Garanti legg ned på Stord har Vestbo inngått avtale med Eiendomsmegler Vest om å overta meklinga for dei.

Etter at meklar Christoffer Lillestøl gjekk over til nystarta Aktiv Sunnhordland, er det slutt for Garanti sitt kontor på Stord.

No er det klart at det er Eiendomsmegler Vest som vil ta over meklartenestane for Vestbo på Stord.

– Avtalen inneber at Eiendomsmegler Vest overtek dei oppgåvene Garanti hadde, og skal blant anna bistå Vestbo sine medlemmer med eigedomsmeklartenester, skriv fagleg leiar i Eiendomsmekler Vest i ei melding.

Samarbeidet vil gjere at Eiendomsmegler Vest utvider sitt tilbod av bustadar i Sunnhordland.

– Vestbo Stord har gjennom sitt dotterselskap Vestbo Garanti Sunnhordland drive eigedomsmeklarforretning i Sunnhordland i fleire år, med bl.a. kommunane Stord, Fitjar, Kvinnherad og  Bømlo som marknad. Me ønskjer med denne avtalen å utvida vårt tilbod til kundar i Sunnhordland, skriv Nesse.

- Annonse -

Vestbo vart stifta i 1946 og er det lokale boligbyggelaget på Vestlandet. Vestbo regionalt forvaltar ca. 15 000 bustader fordelt på 380 bustadselskap.

- Annonse -