NorSea Group på Eldøyane slik området såg ut før Hywind-prosjektet. Foto: Kværner Demolering
- Annonse -

Wilh. Wilhelmsen Holding sikrar seg full kontroll i NorSea Group etter at Eidesvik Invest har bestemt seg for å selje halvparten av aksjane sine.

Investeringsselskapet til det kriseråka redieriet på Bømlo har bestemt seg for å selje seg kraftig ned i NorSea Group, som mellom anna eig Stordbase på Eldøyane.

Frå før er har Wilh. Wilhelmsen Holding ein eigardel på 40 prosent  i NorSea Group, og Eidesvik Invest og Møkster Eiendom har kvar ein eigardel på 27,9 prosent kvar. Etter salet vil eigardelane til Eidesvik og Møkster bli redusert til 12 prosent.

NorSea Group hadde i 2015 ein bokført eigenkapital på nær 1,3 milliardar kroner. I følgje Finansavisen vil ikkje Wilh. Wilhelmsen Holding ASA uttale seg om kva dei betalte for aksjane til Eidesvik og Møkster.

Eidesvik er framleis tungt inne på Eldøyane på Stord trass i at dei sel seg ned i NorSea Group. Eidesvik er majoritetseigar både i Eldøyane Næringspark AS, og i oppdrettsselskapet Sagafjord Sea Farm.

Eidesvik Invest måtte i mars skyte inn 100 millionar i eigenkapital til Eidesvik Offshore i samband med refinansiering av selskapet si bankgjeld.

- Annonse -