Adm. dir. Jan Fredrik Meling i Eidesvik Offshore. Foto: Eidesvik
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Etter fleire svært tunge år for Bømlo-reiarlaget trur administrerande direktør Jan Frederik Meling at dei no kan sjå framover mot lysare tider.

– Heldigvis ser me teikn til betring, og med utviklinga så langt i 2019 kan det sjå ut som at 2018 var botnen som me no har passert, skriv Meling i årsrapporten til Eidesvik Offshore.

Aksjekursen til Eidesvik Offshore har rast dei siste åra, som følgje av den store oljeknekken for fem år sidan. Innteninga har vore så lag at reiarlaget ikkje har klart å betale renter og avdrag på låna dei har på båtane sine.

Før oljeprisfallet i 2014 var aksjekursen for selskapet nesten 33 kroner. I dag ligg kursen på 7.

I fjor kom Eidesvik i mål med ei avtale med kreditorane, som gjorde at dei fekk ein reduksjon i avdraget på 72,5 prosent fram til sommaren 2020.

- Annonse -

– Med refinansieringsavtala som blei etablert i fjor er det av største betydning at me som selskap viser oss tilliten verdig overfor aksjonærane og långivarane våre. Me er difor tilfredse med at me så langt har levert resultat som er betre enn kva som blei lagt til grunn for inngåinga av avtala, skriv Meling i årsmeldinga.

- Annonse -
- Annonse -

Direktøren er optimistisk på bakgrunn av at Eidesvik Offshore har fått fleire nye kontraktar dei siste månadane. Han viser også til fornya tillit og forlenging av kontraktar hos Equinor.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -