- Annonse -

Eidesvik og det franske seismikkselskapet CGG går saman for å sikre drift for fem seismikkskip som ligg i opplag.

Eidesvik og CGG har lenge samarbeidd gjennom joint venture-føretaket CGG Eidesvik Ship Management AS, der dei driv skipa Oceanic Sirius og Oceanic Vega.

No vert samarbeidet ytterlegare styrka etter at dei to selskapa har bestemt å etablere eit nytt holding-selskap, som skal eige totalt sju seismikkskip. Fem av dei ligg i opplag, og har vore ei verkebyll for selskapa som begge er truga med høg gjeld og låg inntening.

Treng avdrag på lån

Den nye strukturen skal vere klar i løpet av 2. kvartal i år, dersom dei får bankane med på laget.

– Implementeringa av strukturen er avhengig av at ein oppnår tilslutning frå bankane om reduserte avdrag på eksisterande lån, skriv Eidesvik-direktør Jan Fredrik Meling i ei børsmelding.

- Annonse -

Det kjem vidare fram at CGG framleis vil halde Oceanic Sirius og Oceanic Vega i arbeid fram til 2027, men til redusert rate i heile perioden.

Kan ende opp med svarteper

Det franske seismikkselskapet har i likskap med Eidesvik hatt store finansielle problem den siste tida. Finansavisen skreiv i desember korleis Eidesvik risikerte med å ende opp med svarteper dersom låna til CGG, som då var på heile 22 milliardar kroner, ikkje ville bli betalt.

Sidan toppåret har flåten til CGG blitt redusert frå 29 til berre fem seismikkskip i 2016. Fire av desse er på kontrakt med Eidesvik, og ei tilbakelevering ville hatt store konsekvensar for Eidesvik som allereie har mange skip i opplag.

Tidlegare denne månaden vart det klart at Eidesvik fekk sletta ein obligasjonsgjeld på 120 millionar kroner. Like før det var det klart at 30 sjøfolk måtte gå i det kriseråka rederiet.

- Annonse -