Furuly barnehage. Foto: Stord kommune
- Annonse -

DEBATT: – Me foreldre kjenner oss forbigått i denne saka, skriv tre av foreldra til ungar i nedleggingstruga Furuly barnehage.

Av: Marthe Olsson, Anna Aas Eriksen og Line Vad, foreldre i Furuly barnehage

Grunnlaget for å leggja ned Furuly barnehage er heilt klårt utelukka økonomisk betinga.  Nobelfredsprisvinnar i økonomi, James Josef Heckman sin teori om at det aller mest lønsame av alle investeringar i eit samfunn er å investera i ein god barndom. Å spara på born, det er ikkje å spara. Å leggja ned Furuly barnehage er heilt klart i mot kva som er best for borna våre og for samfunnet vårt.

Furuly barnehage hadde i 2018 30-års jubileum. Ordføraren var til stades og snakka om tryggleik, nærmiljø og gode minner. Visjonen til barnehagen er «glade og trygge born som har tru på seg sjølv og omtanke for andre».

Barnehagen arbeider kvar dag med å gjera barna våre robuste slik at dei gjennom sine eigne sterke sider styrkjer evna til å møte livet sine utfordringar.

Furuly barnehage ligg i hjarta på Ådland med kort avstand til Hystad skule og vidare Nordbygdo ungdomsskule. Dei fleste av borna soknar også til desse skulekrinsane. Barnehagen ligg i eit flott skogsområde med lett tilgong til naturen, borna opplever turar både i fjellet og ved sjøen. Sjølve barnehagen byr på ulendt terreng med rot og stein som born får utfalda seg i og læra av.

- Annonse -

Furuly barnehage gjer barna våre trygge i eige nærområde og denne tryggleiken skapar gode minner og ein trygg barndom – den beste investeringa me gjer. Furuly barnehage sine lokale er etter rådmannen sin konklusjon heilt fungerande, og treng kun minimale oppgraderingar og kan nyttast som den er i år framover.

Barnehagen har nemleg det siste året gjennomgått fleire oppgraderingar med nye leikeapparat og nytt område for dei minste, for å nemna noko. Kommunen vil altså no ha nytta desse pengane for ingenting om det skal stå ubrukt.

Rådmannen legg fram at barnehagedekninga er god i Nordbygdo. Den barnehagedekninga han då siktar til, vil vera utelukka privat. Det vil ikkje lenger vera ein einaste kommunal barnehageplass i Nordbygdo etter ei nedlegging av Furuly barnehage. Demografien på Ådland og omegn viser eit generasjonsskifte der unge familiar både tek over eldre hus, samtidig som ein ser ein auke i utbygging i området. Det er behov for barnehageplassane i Furuly både i dag og på kort sikt.

Nordbygdo er det området med høgast vekst i tal førskulebarn dei siste åra. Dersom ein legg ned heile barnehagen, vil det å oppretta nye plassar seinare verta svært vanskeleg. Ei nedlegging av Furuly barnehage er altså ei kortsiktig løysing som på lengre sikt vil slå negativt ut økonomisk.

I tillegg vil me påpeike at konsekvensen av å leggja ned kommunale barnehageplassar for å redusera driftsutgifter gjer at Stord kommune nyttar mindre på alle barn i alle barnehagar på Stord. Mindre på det og dei som er viktigast, mindre på framtida vår og det fordi ein treng raske økonomiske løysingar som ser bra ut på papir. Me undrast over det som framstår som ein dårleg og svakt forankra prosess. Etter vårt syn ber innstillinga frå oppvekst og kulturutvalet tydeleg preg av hastverk og lite refleksjon kring konsekvensar av ei eventuell nedlegging.

Me har forståing for at kommuneøkonomien er trong, og at ein må gjere kutt som vil opplevast urettferdig for å gå i balanse. Men dette er ikkje balanse. Nedlegging av kommunale barnehagar råkar dei mest sårbare av oss, dei som me vaksne har ansvar for å trygge. Ei nedlegging kan setje barna våre i langvarig ubalanse. Borna våre treng stabilitet, omsorg og tryggleik. Furuly barnehage gjev barna våre dette og utgjer ein sentral plass i deira liv og utvikling.

17. desember 2019 orienterte rådmannen vår om at skatteinngongen i 2019 hadde vore betre enn forventa, ei auke i skatteinntektene for kommunen på heile 15,1 millionar. Me kan ikkje forstå anna at desse bør nyttast for å unngå kutt i det kommunale barnehagetilbodet.

I denne saka ser me ikkje at det vert lagt fram eitt einaste godt argument for kvifor Furuly barnehage skal leggjast ned. Ei nedlegging av Furuly barnehage er heller ikkje den beste økonomiske innsparinga ut frå framlagt dokumentasjon, det argumentet fell difor på si eiga urimelegheit. Me ser det som uverkeleg at kommunen i det heile vurderer å kutta hjå dei som er avhengige av at me tek kloke val.

Me foreldre kjenner oss forbigått i denne saka. Me er sterkt uroa over det manglande fokuset på barna sitt beste og deira tryggleik og føreseielegheit. Det er nettopp det Furuly barnehage gir våre barn og me håpar inderleg at dei kan få halda fram med det i framtida også.

- Annonse -
Forrige artikkelViking Energy skal bli verdas første offshorefartøy som seglar med null utslepp
Neste artikkelRådmannen rår politikarane til å søkja statleg finansiering av omsorgstenestene