Illustrasjonsfoto: Tromsø kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Lesarbrev: – Enkle grep på 17.mai kan føra til langt meir miljøvenleg feiring, skriv arrangementskomiteen. Dei oppmodar alle om å gjere det dei kan for å unngå plastavfall i naturen på nasjonaldagen.

Av: Jon Eirik Kvalnes, 
arrangementskomiteen i Stord IL turngruppa.

Stord idrettslag v/turngruppa står i år ansvarleg for 17.mai-arrangementet på Stord. Tidleg i planlegginga gjorde turngruppa styrevedtak på at årets 17.mai-feiring skulle vera så miljøvenleg som mogleg. Stord kommune har gjennom vedtak i kommunestyret om å forby helium-ballongsal på kommunal grunn og elles miljøsatsing gjennom sertifisering som Miljøfyrtårn også synt initiativ til ein grønare kvardag. Eit forbod mot kjøp av heliumballongar er ikkje noko nytt i Noreg, og har dei siste åra vorte meir regelen enn unnataket.

Problemstillinga knytt til forureining frå heliumballongar er kjend for dei fleste, og funn av plast i sjø har for alvor blåst liv i dette. Plastforureining i seg sjølv er grunn nok til forbod mot sal.

Turngruppa har ikkje tru på at eit forbod denne eine dagen i året vil ha stor betyding for det aukande problemet med plast i naturen, men vil med dette oppmoda alle om å gjera det ein sjølv kan, for å unngå at problemet veks. Enkle grep på 17.mai kan føra til langt meir miljøvenleg feiring. Til dømes kan skulane sørga for innsamling av panteflasker, eigne posar for plast- og papiravfall og oppsamling av matavfall der det er matservering.

- Annonse -

Arrangementskomiteen kjem med bakgrunn i dette til å forby sal av heliumballongar frå boder på Leirvik, og me ønskjer at butikkeigarar som får førespurnad gjer det same. Det er likevel slik at nokon kjem til å prøva å selja dette, til tross for forbod. Me vil difor sterkt oppmode alle innbyggjarane våre om å støtte opp om forbodet, og finna alternative måtar å gle borna på denne dagen.

- Annonse -
- Annonse -

Til slutt vil me koma med enno ei oppmoding. Det har dei seinare åra vore stort oppmøte kring borgartoget som går frå torget til parken. Gledeleg at mange tek turen til Vikjo på ettermiddagen, men me ønskjer endo fleire i sjølve toget. Alle lag og organisasjonar er hjarteleg velkomen til å vera med i toget og bidra på sin måte.

Me ønskjer alle ei flott 17.mai-feiring på sommarøya Stord!

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -