Egil Severeide. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Tidlegare dagleg leiar i Næringsforeningen på Haugalandet og ansvarleg redaktør i Haugesunds Avis, Egil Severeide, skal leie styrearbeidet i Stord24.

– Då eg fekk denne førespurnaden responderte eg umiddelbart. Eg har følgt mediebiletet regionalt over lang tid, og har sett på Stord24 som ein frisk og truverdig nykomar, seier Severeide.

Egil Severeide har ein lang fartstid i mediebransjen, både i NRK og i Haugesunds Avis. I sistnemnde har han vore både journalist, nyhenderedaktør og ansvarleg redaktør. Severeide hadde ansvaret for å etablere nettavisa til Haugesund Avis tidleg på 2000-talet.

Karmøy-buen seier han har trua på utviklinga av Stord24, og dei som driv avisa.

– Eg har blitt kjent med Jonas Sætre som ein driven og erfaren journalist med den rette haldninga, og Jostein Sydnes med hans gründererfaring og innsikt i forretningsdrift. Då føler eg at dette er noko eg har lyst å bidra til.

Den spreke 67-åringen var inntil i fjor dagleg leiar i Næringsforeningen på Haugalandet, der han no jobbar halv stilling. Ein god erfaring å ha med seg i styreleiararbeidet i Stord24.

- Annonse -

– Eg har vore leiande interessert i regionalt utviklingsarbeid, og har vore oppteken av å skape gode relasjonar mellom Sunnhordland og Haugalandet. Dette er ein region som kjem til å få ein stadig viktigare posisjon mellom storbyane på Sørvest-landet. Her kan også Stord24 spele ei rolle.

Redaktør og dagleg leiar i Stord24, Jonas Sætre, er svært nøgd med å fått hanka inn Severeide som styreleiar.

– Egil har ein svært spennande bakgrunn, både som pressemann og frå næringslivet i regionen. Det er ein bakgrunn som passar perfekt i den strategiske utviklinga av Stord24.

Stord24 er i vekst, og har fått to nye tilsette berre i løpet av dei siste vekene. Etter kvart som bedrifta veks seg større, melder det seg også eit større behov for eit aktivt styre.

– Det er svært gledeleg at Stord24 no er i ein posisjon der me kan gire opp. Det viser at avgjerda om å innføre brukarbetaling tidlegare i år var heilt rett. Lesarane våre kjem til å merke framover at me no får fleire ressursar, både i journalistikken vår og imarknadsarbeidet. Då er det viktig å ha på plass ein styreleiar som kan vere med å ta dei rette strategiske avgjerslene. Me gler oss til å samarbeide med Egil.