Sigurd André Maraas. Foto: FP-arkiv
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Me held fram med å spørja ut ordførarkandidatane i Fitjar. I dag er me komen til Fitjar Framstegsparti, og Sigurd André Maraas.

– Kva er dine viktigaste kampsaker for den komande kommunestyreperioden?

Ombodsmannsrolla er den viktigaste rolla ein som politikar kan ha. Ei rolle me i Fitjar Frp tar på alvor. Me er der for deg, og vil fortsetta å vera der til teneste for innbyggarane våre. Lista over saker er lang, og det er vanskeleg å fatta seg i korthet, men nokre tydelige saker vil vera:

Eigedomsskatt. I 2017 foreslo Fitjar Frp i kommunestyret at «Fitjar kommune skal arbeida mot det mål å ikkje ha eigedomsskatt for innbyggarane sine». Forslaget er vår visjon, men det fekk berre Fitjar Frp sine 2 stemmer og vart av den grunn ikkje vedtatt. Me vil fortsetta kampen mot eigedomsskatten.

Me vil arbeida for å redusera eit alt for høgt sjukefråvær i kommunen.

Me vil arbeida for å redusera eit skyhøgt sosialhjelpbudsjett. Aktivitetsplikt er òg viktig i den samanheng.

- Annonse -
- Annonse -

Me vil bevara det gode kjøkkentilbodet på Fitjar bu og behandlingssenter, samt halda oppe eit godt tenestetilbod til brukarane av våre tenester i helse og omsorgssektoren.

Me vil fortsetta å legga til rette for meir industri og nye arbeidsplasser i Fitjar. Blant anna ved å fortsetta og utvikla eksisterande områder, samt laga nye industriområder i kommunen vår.

Me vil ha vatn i symjebassenget på Rimbareid året rundt.

Me vil ha ein høg og god kvalitet på skulen vår. Rimbareid barne- og ungdomsskule er lokomotivet i Fitjarskulen. Det er viktig å sikra godt arbeidsmiljø for lærarar og elevar ved skulane våre. Grendaskulane våre er òg viktige bidragsytarar her.

Me vil lytta meir til dei unge i kommunen, dei kjenner best kor skoen trykker for sin generasjon. Me må ta innover oss at både miljø, klima og forureining er saker som opptar dagens ungdom på ein heilt anna måte enn i «gamle dagar». 

– I fjor vart det ein hard kamp om grendaskulane. Er det aktuelt å vurdera nedlegginga av dei to grendaskulane på ny om budsjettet ikkje strekk til?

Fitjar Frp forholder seg til vedtatt skulebruksplan. Den seier at me skal oppretthalde dagens skulestruktur dei neste fire åra. Men dersom kommuneøkonomien blir vesentlig endra, så må me som ansvarlege politikarar sjå på alle moglegheiter. Men me ser lyst på framtida, både med tanke på framtidige elevtal og utvikling i heile Fitjar.

– Kommunesamanslåing var ogso eit heit tema i denne kommunestyreperioden, burde Fitjarbuen takka ja til Stord når dei hadde sjansen?

- Annonse -

Når ein ser tilbake på den saken i dag, så ser me at prosessen frå sentralt hald ikkje var god nok. Ein klarte verken formidla eventuelle fordeler eller eventuelle ulemper med kommunereforma. Det heile vart uklart, både med tanke på nye oppgåver og nye tilbod som kommunar og fylker skulle få. Innbyggarane i Fitjar sa klart nei, som politiske ombodsmenn og -kvinner i Fitjar Frp held me oss til det.

– Når me er inne på samanslåing, kjem det til å påverka Fitjar at Hordaland og Sogn og Fjordane har blitt til Vestland fylke?

Ja, klart dette påverkar oss, me i Sunnhordland kan lett bli ein utkant i den nye store regionen. Heldigvis har me rutinerte lokalpolitikarar i Fitjar Frp som har tette band til våre fylkespolitikarar, og til våre stortingspolitikarar. Dette vil hjelpa oss også i åra som kjem. Sist stod me samla når skulebruksplanen i fylket truga Fitjar vidaregåande skule sin framtid. Då var det godt å ha nettverket i orden, slik at vårt bidrag òg var med på å redda skulen i den runden. Omkampar kjem nok der òg, men då skal me vera klare til kamp.

– Me kjem ikkje unna litt vindmølleprat. Har me nok vindmøller i Fitjarfjellet no?

Fitjar Frp ynskjer ikkje å legga til rette for ei ny utviding utover eksisterande områder, som er satt av til vindkraft i åra som kjem. Så me seier klart nei til fleire møller utanfor dagens område som allereie er satt av til denne typen industri.

– Fitjar kommune legg for tida ned mykje arbeid i å laga kommuneplanen sin samfunnsdel. Kva vert Fitjar sine utfordringane dei neste 20 åra?

Fitjar sin styrke er at me står saman når det røyner på. Utfordringane til Fitjar kommune er å sikra at det fortsatt er god vekst i tilflytting, at me har gode tilbod til born og unge, og at me jobbar for at Fitjar kommune skal vera ein kommune som du kan leve heile livet i. På ein god, forutsigbar og trygg måte.

Siste hjartesukk er at me må passa på det lokale næringslivet vårt og butikkane våre. Me vil oppfordra til å handle lokalt, enten det er mjølk og brød, tv, mobil, røyrlegging, elektrikararbeid, bensin og diesel, straum eller nokre av dei andre gode tilboda me allereie har i Fitjar kommune. Fitjar kommune er kort fortalt det DU gjer den til.

Les ogso:

Harald Rydland frå KRF sine svar.

Karen Elisabet Rydland Sæbø i Senterpartiet svarar.

Jo Kjetil Strand (Høgre) svarar.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -