Stortingsrepresentant Magne Rommetveit (Ap) Foto: Bernt Sønvisen/Troms Arbeiderparti
- Annonse -

Magne Rommetveit rosar stortingsfleirtalet, som sikrar framtidige prosjekt for indistrustrien på Stord.

Av: Magne Rommetveit, stortingsrepresentant for Ap
(innlegget vart først halde frå talarstolen på Stortinget fredag)

Måndag kom meldinga som dei tilsette ved Leirvik AS hadde venta på, og bladet Sunnhordland kunne melda om at klubbleiar Håvard Hansen ser fram til å få i gang aktiviteten og «høyra bråk i hallane igjen». Og tysdag gjekk Aker BP ut med at dei no startar opp Hod-prosjektet igjen. Dette er eit prosjekt som m.a. Leirvik så vidt hadde starta på, men som vart sett på vent grunna koronapandemien og usikkerheit rundt låg oljepris. Før denne avgjerda hadde verksemda berre ein einsleg liten konstruksjon i hjørnet av den store produksjonshallen. Og etter det var det skåltomt i ordrebøkene. No er denne situasjonen snudd, og no er dei i full gang med å henta tilbake mange av dei som ikkje lenger hadde arbeid. Leirvik skal no i gang med å byggja ein naudbustadmodul til Hod med helikopterdekk.

Litt lenger sør på øya Stord ligg Kværner Stord. Der var det tidlegare i vår 6 800 i arbeid, men med koronasituasjonen som oppstod, og usikre tider rundt oljemarknaden, var det også reduksjonar på gang ved det som er den desidert største hjørnesteinsverksemda i regionen. Der var horisonten på oppdrag noko lengre enn ved Leirvik, men det låg også her an til at ein kunne gå meir eller mindre tomme for oppdrag om halvanna år. Og når ein veit at det tek lang tid å modna eit prosjekt fram til brenne- og sveisearbeidet kan starta opp i hallane, så såg ikkje den framtidige sysselsetjingssituasjonen lys ut her heller.

Og eg vil rosa det breie stortingsfleirtalet som no gjennom intenst og krevjande arbeid har forhandla seg fram til ei mellombels endring i petroleumslova. Ein skattepakke som altså ikkje berre gjev omgåande effekt ved Leirvik, Verdal og andre industristader, men som også no ser ut for å kunna gje langsiktige og store utslag for ein leverandørindustri i krise.

No på torsdag vart det kjent at Equinor og Aker BP gravlegg stridsøksa etter lang tids dragkamp og inngår ein kommersiell avtale om utvikling av Noaka-området, som vert det neste store utbyggingsprosjektet i Nordsjøen. Det er her snakk om investeringar på mellom 50 og 60 mrd. kr, og det er gode nyhende for den norske leverandørindustrien, ettersom både Aker BP og Equinor i stor grad ser ut for å føretrekkja norske leverandørar. I regjeringspartia sin opphavelege skattepakke var fristen for å senda inn utbyggingsplan sett til 2021. Dette kan ikkje gjerast for Noaka før i 2022, og dermed vil ein også rekkja fristen i den nye oljepakka som fleirtalet her på Stortinget samla seg om no på måndag.

- Annonse -

Eit anna storprosjekt som no kan modnast vidare, og som på sikt kan gje mykje aktivitet i leverandørindustrien, er Wisting i Barentshavet.

Oljeindustrien, og kanskje spesielt leverandørindustrien, er på god veg inn i det grøne skiftet. Dette er industri med kompetanse og kapasitet til å meistra store teknologiskifte mot låg- og nullutsleppsløysingar, og dei er òg aktive på å søkja seg inn i nye marknadssegment. Men leverandørindustrien er akkurat det som namnet tilseier: Dei lever av å levera. Og for å kunna levera må det også vera nokon som bestiller leveransar. Dei grøne oppdraga er ikkje enno mange nok og store nok til at dette kan vera tilstrekkjeleg for industrien, men me må for all del halda denne industrien oppegåande til den dagen kjem.

Kværner Stord spelar ei viktig rolle i utviklinga og utbygginga av det store havvindprosjektet Hywind Tampen, men det gjev bare arbeid til 51 stk., og av 6 800 i arbeid ved verftet tidlegare i år utgjer det godt under 1 pst.

Dette er eit breitt forlik som er godt for landet. Om eg nokon gong skal helsa heim frå denne talarstolen, er det også ei sak som er god for heimstaden min Stord. Og eg er heilt sikker på at eg òg skal helsa tilbake frå Stord til denne salen og seia at folk på Stord er i dag veldig godt fornøgde med nasjonalforsamlinga.