Fredrik Litleskare (H). Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Høgre-politikar Fredrik Litleskare er bekymra for at store deler av kostnaden for planlagt parkeringstunnel under Leirvik sentrum skal bli lempa over på skattebetalarane.

Onsdag handsama formannskapet saka om å gå vidare med eit forprosjekt for realisering av ein parkeringstunnel under Leirvik sentrum. Det var for det meste positiv støtte til prosjektet, som er blitt lansert av Kurt Arne Tyse og andre næringsdrivande.

Men gruppeleiar Sverre Olav Svarstad (H) meinte det var feil at Stord kommune skulle ta heile rekninga på éin million kroner til forprosjektet.

Han fremja difor eit forslag om at kommunen skulle dele på kostnadane med dei private aktørane, som blei vedteke av formannskapet.

Vil ha forpliktande avtale

I eit intervju med Sunnhordland kjem Fronta-sjef Kurt Arne Tyse med kritikk mot vedtaket. Han meiner det er ei føresetnad at kommunen forpliktar seg økonomisk til bygging av anlegget.

– Eg kan ikkje tenkje meg at me vil gå inn med pengar til ein forstudie med mindre kommunen då samstundes inngår ein meir forpliktande avtale for finansiering av sjølve prosjektet, seier Kurt Arne Tyse til avisa.

- Annonse -
- Annonse -

Dette får Høgre-politikar Fredrik Litleskare til å reagere.

– Etter å ha sett utsegnet til Fronta om at dei reagerer på forslaget frå Sverre Olav negativt, lurer eg på kva Fronta eigentleg har som agenda, skriv Litleskare i ein kommentar på Facebook.

- Annonse -

Ikkje overraska

Han er uroa over at dei økonmiske konsekvensane prosjektet får for kommunen.

– Som eg gjekk ut i frå kom det her også fram at dei ønskte kommunal finansiering på realiseringa. Ligg dette inne i noko budsjett, eller er det atter eit «pop-up» som forverrer kommunen sin finansielle situasjon?

Litleskare, som har vore med i Stord-politikken i fleire tiår, viser til at politikarane har tidlegare investert i parkeringshus som ikkje har vore noko suksess.

– Kommunen har to gonger tidlegare tenkt at parkeringsplassar vil betre aktivitetane i sentrum. P-huset ved Turnhallen blei ein fiasko og blei til slitt selt. P-plassar bygd i samarbeid med Engelsen Entreprenør under Badadalsplasset vert subsidiert med 500.000 kroner i langsiktig avtale.

Saka skal vidare til handsaming i kommunestyret. Litleskare meiner desse spørsmåla må avklarast

– Før me gjer noko meir meiner eg me må få alt på bordet.

- Annonse -