Henrik Engevik Hatlevik er leiar i Stord Unge Høgre. Foto: privat
- Annonse -

DEBATT: Om du vil gjere ein forskjell i klimakrisa er det andre mykje meir effektive retningar å gå enn å skulke skulen.

Av: Henrik Hatlevik,
leiar i Stord Unge Høgre

Eg er prinsipielt sterk motstandar av initiativet som Stord Sosialistisk Ungdom no har tatt, der dei oppfordrar elevar til å skulke skulen for å delta på ein streik for klimaet.

Eg deler SU si bekymring for klimaet, men forskjellen på Unge Høgre og Sosialistisk Ungdom sin innsats i klimasaken er at Unge Høgre jobbar sakleg og politisk opp mot Høgre, regjeringa, stortinget og næringslivet for å få gjennomslag for solid og framtidsretta klimapolitikk.

SU lever dessverre i god tru om at å gjere seg sjølv ein bjørnetjeneste ved å gå glipp av viktig undervisning kan påverke klimakrisa me opplever i verden i dag.  Eg er glad for at SU også ønsker å gjere ein forskjell, men meiner ein skulestreik og andre aktivismeaktivitetar ungdomspartiet driv med er heilt feil framgangsmåte og vil ha minimal påverknad på den aktuelle saka.

Eg trur at om du vil gjere ein forskjell i klimakrisa er det andre mykje meir effektive retningar å gå enn å skulke skulen. Dette er etter mi meining reint symbolsk av SU.

- Annonse -

Eg inviterer derfor alle, inkludert SU, til å samarbeide og jobbe strukturert og saklig for å få gjennomslag for solid klimapolitikk, og å påverke næringslivet til å drive grønare og meir framtidsretta. Eg kjem ikkje til å delta på streiken, men eg skal saman med resten av Unge Høgre fortsette å jobbe sakleg for å få gjennomslag og oppnå klimamåla som er satt.

For min del er det viktigare å sette krav til industrien og næringslivet samt stimulere til grønn omstilling gjennom innovasjonsmidler, skattar og avgifter, enn å samlast på torget for å markere utilfredsheit.

Mi oppfordring til SU – sjå til høgre og gjer ein faktisk forskjell. Legg symbolikken bak dykk og kjemp i den viktige klimakampen med solid og framtidsretta politikk for alt frå næringslivet til privatpersonar.

- Annonse -