DEBATT: Gunnhild Hauge fekk straumrekning på over 50.000 kroner: – Den som me ikkje vil ha råd til å betale mange av, den som til slutt vil gjer at 24 stykk mistar både arbeidsplass og livskvalitet.
Av: Gunnhild Hauge,
dagleg leiar ved Peppes Pizza på Stord og firebarnsmor
Til Jonas Gahr Støre med regjering,
Eg er oppdratt til å respektere og føye meg etter dei som bestemmer. Eg har gjerne ikkje alltid gjort som eg er blitt fortalt, men eg har prøvd etter beste evne.
Derfor sit eg som oftast stille i båten, og har tillitt til at dei som har tatt på seg ansvaret for å styre landet, har kontroll. At dei etterkvart som det kjem utfordringar, vil komme med fortløpande løysingar, slik at det ikkje vil gå utover livskvaliteten og arbeidsplassane til dei som bur i dette landet.
I dag driv eg ei lita bedrift, med ansvar for 24 arbeidsplassar, 4 born på heimebane og ein katt som eg arva etter mormora mi. Eit ansvar som eg tar på største alvor! Eit ansvar som igjennom korona pandemien gav meg utallige søvnlause netter om kva morgondagen ville bringe. Men regjeringa leverte, bedriften og familien kom seg utav det, kanskje ikkje heilt skrammelaus, men me klarte det!
Den dagen dei opna landet igjen, spelte eg av Arne Torget sitt dikt «han kjem den dagen» til mine tilsette, og me gret. Me gret av glede over at me skulle sleppe å bekymre oss for arbeidsplassane våre igjen, i alle fall på lenge.
Men så kom straumkrisa, og eg blei no sittande her i båten min, i god tru om at dette vil dei jo ordne for oss. Folk flest fyrst, og bedriftane etterpå, eg hadde forståelse for det. Dei har nok kontroll tenkte eg.
Men så opna eg e-posten min i dag, og der ligg den straumrekninga på over 50.000 kr, den som me ikkje vil ha råd til å betale mange av, den som til slutt vil gjer at 24 stykk mistar både arbeidsplass og livskvalitet.
Den som gjer at eg ikkje kan sitte stille i båten lenger å sjå på at regjeringa skakk køyrer oss små bedrifter i konkurs og gjeld, fordi dei ikkje håndterer situasjonen. Så kor er de Jonas Gahr Støre med regjering? Dette er dykkar ansvar, dykkar plikt å rydde opp i. Det nyttar ikkje at de skal ha eit møte i midten av september, når støtta skulle vore her heilt i frå starten av året.
Få hovudet ut av sanden og gjer noko! Me #småbedrifter må ha hjelp no!
Dette innlegget vart først publisert på Hauge sin Facebook-profil, og vert publisert i Stord24 etter avtale.