Ordførar Gaute Epland. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord24 stiller fire spørsmål til alle ordførarkandatane. I dag er turen kome til Gaute Straume Epland i Stord Ap.

– Kva er dine viktigaste kampsaker for den kommande kommunestyreperioden?

Som politikar er eg først og fremst oppteken av heilskapen. Eg brenn for at Stord skal vera eit godt og inkluderande lokalsamfunn der alle, uavhengig av utgangspunkt, skal ha moglegheit til å skapa seg eit godt liv. Det krev eit vitalt næringsliv, gode kommunale tenester og ein sterk frivillig sektor. Alt dette har me her på Stord, og den fremste oppgåva for oss lokalpolitikarar er å ta vare på og byggja vidare på styrkane våre.

Det er likevel nokre enkeltsaker som peiker seg ut som spesielt viktige i kommande valperiode. For det første må Nysæter ungdomsskule med idretts- og kulturdel gjennomførast etter planen og stå ferdig ved årsskiftet 2021/22. Deretter må utfordringane på Langeland og Leirvik skule løysast, i tillegg til ny kommunal barnehage i Sagvåg når barnetalet tilseier at det er behov for det.

Viktige saker for meg er også å satsa vidare på heiltid og partssamarbeid, å utvikla tenestene i eigenregi, og å fremja det seriøse arbeidslivet ved å bruka innkjøpsmakta vår til å motverka sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.

Eg vil også at kommunen skal vera ein positiv bidragsytar til vidare utvikling av sentrum ikkje minst gjennom å leggja til rette for at dei planlagde investeringane i Borggata vert gjennomført. Å flytta bussane vekk frå Sunnhordlandskaien slik at me kan utvikla dette flotte området til det beste for fellesskapet, er også viktig i denne samanhengen; i tillegg til å finna ei god løysing på parkeringsproblematikken gjerne gjennom eit underjordisk parkeringsanlegg.

- Annonse -
- Annonse -

Mi største kampsak er likevel klimasaka. Eg vil fortsetja å jobba for at kommunen i samarbeid med næringslivet og andre sentrale aktørar i lokalsamfunnet tek ei førarrolle i omstillinga til eit berekraftig samfunn.

Stord kommune skal snart vedta ny kommuneplan. Kva trur du kjem til å bli Stord kommune sine største utfordringar dei neste 20 åra?

Det er store utfordringar som ligg framfor oss dei neste 20 åra – men også store moglegheiter. Nokre utfordringar peiker seg særskilt ut: Dei menneskeskapte klimaendringane som krev grøn omstilling. Sentralisering og redusert folkevekst nasjonalt som gjer at me må jobba hardare for å få den veksten me vil ha her lokalt. Og strammare kommuneøkonomi og fleire eldre som krev kommunale tenester.

Trass i store utfordringar har eg sterk tru på vidare vekst og utvikling i Stord og Sunnhordland i tiåra som kjem. Me har dei beste føresetnader, med eit høgkompetent og omstillingsdyktig næringsliv, offentlege utdanningsinstitusjonar på alle nivå, gode offentlege tenester, sterkt lagsliv og flotte naturomgivnader. Og ikkje minst har me folk med vilje til å stå på og til å satsa.

– Stord-samfunnet står overfor mange strukturendringar, som fylkessamanslåing, ny domstolsstruktur o.l. Kva vil du gjera for at Stord held på rolla som eit viktig regionssenter?

– Sterk sentraliseringspolitikk har i dei seinaste åra truga med å utarma mange distriktskommunar og –regionar, inkl. Stord og Sunnhordland. Eg ynskjer ein heilt annan politikk for landet vårt, ein politikk som legg til rette for busetnad i heile landet og tek heile landet i bruk.

- Annonse -

Som kommune må me likevel forhalda oss til den til ei kvar tid gjeldande nasjonale politikken. For å verna om og sikra regionale funksjonar som er under press, som t.d. tingretten, er det viktig at me arbeidar saman tverrpolitisk i Stord og med dei andre sunnhordlandskommunane. Å stå samla lokalt er den einaste måten å nå fram overfor sentrale styresmakter.

Uavhengig av statlege strukturendringar har eg sterk tru på Sunnhordland som region og Stord som regionssenter òg i framtida, og eg vil at Stord skal vera eit raust regionssenter og fortsetja vera motoren i utviklinga av Sunnhordland. For at Stord og Sunnhordland skal nå sitt potensial, må me i endå større grad enn i dag samarbeida på tvers av kommunegrensene. Og der har me som regionssenter og største kommune eit spesielt ansvar.

– Stord har svært høg lånegjeld, og samtidig mange store investeringar på trappane. Kva vil du gjera for å sikra ein robust økonomi i Stord kommune i neste kommunestyreperiode?

Me har i denne perioden gjort store investeringar i skule og helse og omsorg, og framleis er det investeringar som gjenstår. Dette er nødvendig for å sikra det tenestetilbodet me vil ha, samtidig er det tunge økonomiske løft som aukar lånegjelda og fører til auka kapitalkostnader som strammar til drifta. I tillegg har inntektene til kommunen vorte reduserte bl.a. som følgje av skattesvikt, reduserte overføringar og underfinansierte bemanningsnormer i skule og barnehage. Samla bidreg dette til ein krevjande økonomisk situasjon for kommunen.

Me kan derfor ikkje fortsetja med same investeringstempo i neste periode. Samtidig er det nødvendig med stram drift og å jobba vidare, bl.a. gjennom godt partssamarbeid og velferdsteknologi, med kontinuerleg forbetring og effektivisering. Eg meiner me i tillegg bør utvikla det kommunale eigedomsselskapet til eit utviklingsselskap som kan realisera verdiane i kommunen sine eigedommar og slik skapa auka inntekter for kommunen.

– Det byggast og fortettast mykje i Leirvik og elles i kommunen. Kva vil vera viktig for å sikra at utviklinga går i rett retning?

– Me har dyktige og kapitalsterke utbyggarar på Stord som tør å satsa. Det skal me vera glade for. Det bidreg til vidare utvikling av byen vår.

Samtidig er det viktig at utviklinga skjer under demokratisk kontroll og i tråd med kommunen sine overordna målsettingar. Det viktigaste verkemiddelet for å få det til er å ha gode og oppdaterte kommunale planar. Det gjev føreseielege rammer for utbyggjarane og reduserer behovet for dispensasjonar. Me har styrka plankapasiteten i denne perioden for å få fortgang i kommuneplanarbeidet. Og me vil vurdera ytterlegare styrking i kommande kommunestyreperiode.

Når det gjeld fortetting, er det ein nødvendig del av omstillinga til eit berekraftig samfunn bl.a. for å redusera transportbehovet til kvar einskild av oss. Tett busetnad gir også grunnlag for å skapa levande lokalsamfunn med ulike tilbod og sosiale møteplassar. Samtidig er det viktig å sørgja for grøne lunger, inkluderande møteplassar og stilla krav til kvalitet og arkitektonisk utforming av bygga.

Eg er òg overbevist om at eit kommunalt eigedomsutviklingsselskap vil vera eit instrument som gjer kommunen i stand til å ta ei meir aktiv rolle i samfunnsutviklinga, parallelt og i samarbeid med dei private eigedomsutviklarane.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -