Berggylten er den største av leppefiskane i farvatna våre. Foto: Havforskningsinstituttet
- Annonse -

DEBATT: Men at vi som oppsitjarar og brukarar av nærmiljøet langs strandlina har meiningar om ting som direkte råkar oss, må også respekterast.

Av: Magne Bjelland, Stord

Dette innlegget er eit svar på Geir Stuve Rommetveit sitt lesarbrev i Stord24 søndag.

Her trengs litt avklaring/ presisering angåande dine utsagn:

«Polariserende påstander fra Høgre sitt lokallag på Stord». Det er feil. Korkje lokallaget til Høgre eller Høgre sentralt har signert noko «brev». Artikkelen i Stord24 er ein referanse til ein e-post underteikna privat har sendt Stord Kommune som et innspel til kommuneplanens areal del som er under utarbeiding.

Artikkelen i Stord24 er ikkje formulert av underteikna – ei heller førevist underteikna i forkant av publisering. Innspelet til kommuneplanens arealdel, er som nemnt personleg, og reflektera ikkje noko politisk utsagn frå Høgre.

- Annonse -

«Omreisande leppefiskarar dukkar opp i nokre korte sommarveker, og tømer kvar ei vik og bukt for leppefisk». Underteikna snakkar sjølvsagt ut frå eigen erfaring som oppsitjar til nærområde, men også frå andre i tilsvarande situasjon. Kvar sommar får vi besøk av leppefiskskarar som tett opp mot vår kai og strand, set ut lenker med teiner. Kor mange det er i kvar lenke, veit eg ikkje, men det er ikkje få. Når fiske er over – etter kanskje 2-3 besøk, er nesten området tømt for leppefisk. Slik opplever eg – og mange med meg, resultatet etter sesongens leppefiske.

«Høgrepolitikaren seier det ikkje er noko nasjonalt forbod mot fiske av leppefisk, men at kvar enkelt kommune står fritt til å innføra lokalt forbod». I mitt innspel – som ligg ved – vil ein kunne lese eg ikkje har foreslått et forbod. Etter å ha konferert med Guro Kristoffersen Lysnes, rådgjevar i Fiskeridirektoratet, har eg foreslått eit lebelte på 300 meter frå land som frisone – dvs forbod mot fiske med teiner/ ruser etter leppefisk. Om det skal være 300 eller 150 meter, får være ei vurdering som kommunen får gjera. På mitt spørsmål om lokalt forbod, svara Guro Kristoffersen – sitat: «Det stemmer imidlertid at kommunen kan sette begrensninger på fiske». Det tolkar eg er i tråd med mitt forslag.

Magne Bjelland i Stord Høgre. Foto: Stord Høgre

«For det andre møter leppefisken ein pinefull og sikker død i dei tusen oppdrettsmerdar dei blir slept ut i». Sidan underteikna er korkje marinbiolog eller fiskar, må eg støtta meg på dei som har kunnskapen. I dette tilfellet vart det Tryggve Poppe, professor ved Norges veterinærhøgskule: han seier: «Teljingar viser at fire av ti rensefisk døyr i løpet av ein lakseproduksjon. Resten forsvinner sporløst, blir spist eller slaktas saman med laksen. Kvar dag dør 150 000 rensefisk mens de jobbar for kost og losji i den norske oppdrettsbransjen. Det er en dyretragedie utan sidestykke».

Eg kunne sikkert funne andre kjelder – både for og imot.

Til sist: Eg har full respekt for både oppdrettsnæringa og fiskeindustrien. Som eg skreiv i mitt innlegg om leppefisken i bladet Sunnhordland den 15 mars, utgjer dei ei særs viktig næring for landet vårt. Sannsynlegvis ei av dei viktigaste frametter når no offshore olje og gass er på hell.

Så skriv du avslutningsvis «at det hetses, mykje skriveri på sosiale media og fysiske tilrop og utskjellelse av lokale oppsitjarar, som hevdar dei eig sjøen». Det er sjølvsagt ein heilt uakseptabel oppførsel, som underteikna tar sterk avstand i frå. Men at vi som oppsitjarar og brukarar av nærmiljøet langs strandlina har meiningar om ting som direkte råkar oss, må også respekterast.

Om ein har eit anna syn på ei sak, må ein ikkje vende det til å oppfattast som «mobbing». Eg synest di antydning i setninga «Og lokalpolitikerar som skal spele politisk mynt på å hauste applaus hos «mobben», ikkje høyrer heime nokon stad. Slike utsegn verkar kun mot sin hensikt, og øydelegg debatten.

- Annonse -
Forrige artikkelNo står dette for fall: – Me har to som er interesserte
Neste artikkel– Til ledige vikariat i løpet av skuleåret har det vore null kvalifiserte søkjarar