Jan Magnus Magnussen har aldri fått vatnet så tett på huset sitt som no. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Jan Magnus Magnussen hadde huset sitt ved kaien i Sagvåg omkransa av vatn under storflaumen ved midnatt.

– No er det 20 centimeter før vatnet hadde kome inn i huset. Golvet ligg litt høgare enn matta her, seier Magnussen og peikar med ein meterstokk.

Han fortel at han har budd i den gamle landhandelen «Magnussen på kaien» i godt over 50 år, og kan ikkje hugsa at vatnet har kome så langt opp på kaien.

– Det var snakk om at i ’52 eller i ’53 så gjekk vatnt høgare opp enn no, men det dei ikkje har tenkt på er at det har blitt asfaltert fleire gonger sidan då.

– Så dette er det høgaste du kan hugse?

– Ja.

- Annonse -
Foto: Jonas Sætre/Stord24

Ikkje nervøse

Men noko nervøs for at vatnet skulle trenge inn har i huset var korkje han eller kona Anita Magnussen.

– Nei, me har ikkje vore nervøse. Me har køyrt bubilen opp på haugen der. Det er vel det einaste me har gjort, seier ho.

– Det einaste flaumen kan ha gått ut over er båthengjaren som står på sida her. Kanskje eg får problem med bremsene, seier Jan Magnus.

– Det er ein fordel med dette, og det er at hundane stikk ikkje av, smilar kona.

Mange nysgjerrige hadde teke turen til kaiområdet i Sagvåg under ekstremvêret Elsa. Flaumtoppen var klokka 00.20, og store deler av området var då dekkja i vatn. Truleg så rann det vatn inn i nokre kjellarar, men noko tillaup til dramatikk var det ikkje.

Kommunalsjef Knut J. Gram drog ut til Sagvåg for å oververe den historiske flaumen. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Det har gått betre enn frykta

Kommunalsjef i Stord kommune Knut J. Gram, som også har ansvar for beredskapen i kommunen, tok saman med rådmannen turen ut til Sagvåg ved midnatt. Dei hadde nettopp kome frå synfaring i Leirvik sentrum.

– Det har gått betre enn frykta. Toppen er rundt no, og den store dramatikken har ikkje utspelt seg.

– Me kjem nett frå Sjøhuset, og då var det nokre centimeter igjen før vatnet gjekk inn. Men dei rigga seg no til med noko framfor døra for tryggleikens skuld, seier Gram.

– Er det Sjøhuset og her i Sagvåg kommunen er mest merksame på?

– Ja. Det er dei punkta som ligg lågast og som har størst risiko. Det er desse husa og leilegheitene som ligg lågast, og der det ikkje skal så mykje til før vatnet kjem inn, seier Gram.

Sjå fleire bilete frå flaumen her:

Foto: Stian Djuvsland
Foto: Jonas Sætre/Stord24
Foto: Jonas Sætre/Stord24
Foto: Jonas Sætre/Stord24
Foto: Jonas Sætre/Stord24
Foto: Jonas Sætre/Stord24
Foto: Jonas Sætre/Stord24
Foto: Jonas Sætre/Stord24
Foto: Jonas Sætre/Stord24
Foto: Jonas Sætre/Stord24
Foto: Jonas Sætre/Stord24
Foto: Stian Djuvsland