- Annonse -

Yrkessjåfør Ole Halvor Haugan måtte bråbremse for å ikkje kollidere med ein buss frå Stord Turbuss då han var på veg ut av Bømlafjordtunnelen onsdag.

Haugan har lagt ut ein video på Facebook-sida til Stord Turbuss onsdag, som allereie er blitt delt over 50 gonger. Videoen syner ein konfrontasjon som han hadde med ein buss på veg ut av Bømlafjordtunnelen.

– Eg var på tur opp tunnelen, og han kom bak meg eit godt stykke ned i bakken. Då eg kom ut i opninga såg eg at han hadde lyst å køyre forbi, og eg set på blinklyset for å vise at felta var i ferd med å snevre seg inn.

– Då køyrer han likevel forbi og eg legg meg over på sida, heilt til eg måtte bremse for å ikkje kollidere. Eg var i ferd med å gå heilt i jordvollen der.

  • Sjå videoen her:
https://www.facebook.com/ole.h.haugan/videos/10156339985856986

– Måtte berre legge på

Haugan, som er sjåfør for Nome Containerservice, fortel at han ringte til sjåføren like etterpå for å snakke om køyringa. Det førte ikkje fram.

– Eg ringte han rett før me kom til Heiane, og måtte berre legge på til slutt. Eg trudde kanskje det var eit fornuftig menneske å prate med i det firmaet, men det var det ikkje. Eg skulle ikkje kome her å lære han noko, for han hadde køyrd meir lastebil enn meg. Eg låg i pungen til bestefaren min då han lærte seg å køyre lastebil.

- Annonse -

Haugan reagerer på både køyringa til sjåføren og måten han blei møtt etterpå.

– Eg har aldri opplevd noko liknande frå ein bussjåfør, seier Haugan.

John E. Clausen, daglig leder i Stord turbuss, meiner dei nye forbikøyringsreglane skapar fleire uønska situasjonar. Foto: MARTE ROMMETVEIT/NRK

– Legg seg over i mi køyrebane

Sjåføren som køyrde bussen var John E. Clausen, som også er dagleg leiar i Stord Turbuss AS. Han seier til Stord24 at konfrontasjonen skuldast at yrkessjåføren først hadde lagt seg i fila for dei som skal ta av til Bømlo.

– Ved utløpet av tunnelen er det skilta der den venstre fila går til Bergen, og den høgre til Bømlo. Då la eg meg i bergensfila med ein gong, og då legg han seg over i mi køyrebane nokså nærme meg, noko som var heilt unødvendig.

– Hadde dette vore ein normal yrkessjåfør så hadde ein halde litt igjen for å la meg køyre forbi. Verre er det ikkje, men han lagde eit sværa nummer ut av dette, seier Clausen.

Clausen meiner det blir feil å danne seg eit bilete berre ved å sjå videoen som Haugan la ut.

– Ein skal ikkje sjå heilt blindt på slike videoar. Dette kunne kanskje sett rart ut på eit slikt kamera, men heile sanninga kjem ikkje fram.

Den erfarne bussjåføren ønskjer å få fram at han ikkje meiner det var noko fare for tryggleiken då dette skjedde.

Reagerte på forbod mot forbikøyring

Clausen har tidlegare blitt intervjua av Stord24 i samband med at det i fjor sommar blei innført skilt med forbod mot forbikøyring i Bømlafjordtunnelen.

– Fordi ein ikkje kan køyre forbi i tunnelen blir ein tvinga til å køyre fortare for å nå ferjene, slik at ein kan gjere jobben sin. Det er noko som igjen skapar farlege situasjonar. I tunnelen er det ofte køyretøy som ikkje held meir en 20-30 km/t og då er det uhøyrt at andre skal måtte ligge bak dei som køyrer så seint, sa Clausen til Stord24.

- Annonse -
Forrige artikkelI morgon legg dei fram budsjettet: – Det har ikkje vore noko kjekt arbeid
Neste artikkelUsemje om barnehagekutt i Sagvåg og mindre til skulane gjorde at SV og Raudt trekte seg
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no