Anneli Belsvik Aras var til stades på opninga av utstillinga. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg
- Annonse -

Anneli Belsvik Aras si utstilling «Spor» fekk god respons under opninga i kunsthallen laurdag føremiddag.

– Det var 111 besøkande innom i dag, noko me er særs nøgde med. Dette gjer godt, då det ligg mange timars arbeid bak, fortel Trine Hjertholm i Stord Kunstlag.

Den siste veka har kunstlaget hatt det travelt med montering av utstillinga til kunstnar Anneli Belsvik Aras. I dag fekk dei oppleva gleda av å sjå sluttresultatet.

– Då me kom inn her i dag, fekk eg nesten frysningar av å sjå rommet. Det er så sterkt å sjå veggane, og korleis Anneli har skapt ei estetisk flott utstilling med mangfald. Eg kjende det på heile kroppen at det var herleg å landa, uttalte Hjertholm i opningstalen.

Utstillinga er arrangert i samarbeid med kunstnaren sjølv og vil vera open fram til 24. september på oppsette tidspunkt.

Dette er første gong Belsvik Aras arrangerer ei separatutstilling i Stord Kunstlag.

Det var over 100 personar innom opninga av utstillinga. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg
- Annonse -
- Annonse -

Lever i beste velgåande

Kunstnaren har ved fleire høve stilt ut prosjekt i kunsthallen tidlegare, og har dessutan blitt ei stor inspirasjonskjelde for medlemmane i kunstlaget.

– I 2003 hadde Anneli ein kreativ keramikkstart med fleire jenter på Stord. Og sjølv om Anneli har utvikla seg vidare i forskjellige retningar og uttrykksformer etter dette, har jentene i Stord Kunstlag halde fram med å møtast kvar helg for å skapa, kommenterer Hjertholm.

– Spora frå Anneli lever framleis i beste velgåande.

Foto: Kari Mendelejev von Svanberg

Ho påpeikar at samarbeidet med kunstnaren har vore svært godt gjennom heile prosessen.

–  Kva synes du er mest imponerande med Anneli som kunstnar?

– Anneli er ein spennande kunstnar med eit allsidig repertoar, der ho brukar mange teknikkar, særleg keramikk og grafikk. Ho har ei tydeleg stemme og eit personleg uttrykk. Spor er ein treffande tittel for utstillinga, seier Hjertholm.

Belsvik Aras har hovudfag frå kunsthøgskulen i Bergen og arbeider hovudsakleg med leire. På utstillinga presenterer ho ei god blanding av eldre og nyare arbeid, som alle passar inn under temaet Spor.

Rom for å reflektera

–  Alle setter spor, går i spor og leitar etter spor. Eg følte at tittelen famnar om mykje og gir rom for å reflektera, sa Belsvik Aras i føremiddag.

- Annonse -

– Det kan også vera spor i frå prosessen med å skapa. Når eg jobbar med leire er det ein kontinuerleg dialog. Eg vil ein ting, men leira vil ein anna ting. Då kranglar me litt og diskuterer oss fram til noko som let seg gjera.

Forutan leire fekk publikum også sjå eit utval av kunst i mellom anna silketrykk, porselen, steingods og japansk rispapir. Somme av arbeida var henta frå tidlegare samarbeidsprosjekt med kollegaer og vener av kunstnaren.

Du har jo lang erfaring som kunstnar. Vil du sei at du er den same i dag som du var då du starta?

– Dette er eit stort spørsmål, som burde fortent eit grundigare svar. Eg er sjølvsagt ikkje den same kunstnaren no som eg var i byrjinga. Å vera i kunsten, i prosessen, er ein stad å prøva ut nye ting og såleis bli kjend med nye sider av seg sjølv, meiner Belsvik Aras.

– Å skapa ting har eg gjort så lenge eg kan hugsa. Det er ein del av meg, og bortimot like naudsynt som å pusta.

Trine Hjertholm og Marion Belsvik opna utstillinga. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg

Viktig med estetikk

Belsvik Aras underviser blant anna i kunst på vidaregåande skular og er med på eit skuleprosjekt som heiter «Firing up», initiert av Norske Kunsthåndtverkere.

Dermed var det heller ikkje unaturleg at kunstpolitikken vart eit samtaleemne under dagens opningstale, no når stortingsvalet nærmar seg med stormskritt.

– Me ser jo diverre at klasse på klasse, linje på linje, og skule på skule må legga ned dei estetiske faga. Dette vil igjen medføra at høgskulane må byrja med grunnopplæring i kunst, noko som er veldig synd, påpeika Belsvik Aras.

Foto: Kari Mendelejev von Svanberg

Trine Hjertholm sa seg einig i dette.

– Noko av det viktigaste for oss i kunstlaget er å spreia kvalitetskunst for born og vaksne i alle aldrar, sa ho.

– Me veit kor viktig kunsten er for oss alle frå me er små. Born lærer mykje gjennom å skapa i leiken og i den kreative utviklinga. Difor er det viktig å gi dei mogelegheit til å jobba med dei estetiske utrykksformane. At dei får lov til å bruka alle krefter i heile kroppen, ikkje berre frå halsen og opp.

– Eg håpar på eit godt val i år med ei kraftigare stemma for kunsten i det offentlege rom og i samfunnet, avslutta Hjertholm.

- Annonse -