Om drygt ein månad inviterer Anette Angeltveit Thoresen til utradisjonell historieforteljing på Sykkel & Kaffi. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -

Anette Angeltveit Thoresen (32) har alltid vore glad i å formidle dei gode forteljingane. No skal ho dramatisere ekte historier frå folk sine liv.

– Å skulle leve seg inn i andre si historie, gir meg ei oppleving på same måte som bøker, film og teater. Det kan dreie seg om dønn alvorlege ting, men også skamflaue og humoristiske. Dette saknar eg i mitt eige liv. Eg treng denne type underhaldning.

Fredag 28. september arrangerer Thoresen sitt første kulturevent på Sykkel & Kaffi i Leirvik sentrum, der ho nettopp tar utgangspunkt i historieformidling.

Målet er å dramatisere andre sine historier på scenen. Men for å få til dette er ho avhengig av publikum.

Presenterer levd liv på scenen

– Det er kanskje ambisiøst å forvente at folk skal utlevere private historier. Men eg er naiv nok til å tru at folk vil dele erfaringar frå livet sitt, flirer Thoresen.

Me møter ho i lokale til Sykkel & Kaffi for å diskutere det nye, litt utradisjonelle arrangementet som no er i oppstartsfasen. Saman med fem andre starta ho gruppa Småsceneri som ønskjer å presentere levd liv på scena.

- Annonse -

I ei veke har det hengt ein postkasse på veggen til Sykkel & Kaffi, der folk kan levere sitt bidrag. Innhaldet vil bli anonymisert, og det er også mogleg å levere i eit fellesdokument til gruppa på Facebook.

Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.

Gode minner frå «onsdagsfilmen»

Thoresen jobbar som lektor på Nysæter ungdomsskule. Ho har lenge hatt ei sterk interesse for dramafag, og har blant anna studert både musikk og drama ved Høgskulen i Bergen.

– Viss eg tenker tilbake på kvifor dette er så viktig for meg, tenker eg på barnebøker, på Peter Pan. Eg tenker på mitt første teaterstykke som deltakar i Tyrihans. Så tenker eg på onsdagsfilmen, då eg satt med mamma og snikkikka på filmen, gjerne litt for seint på kvelden. Eller konsertar der du blir drege inn i det kunstnariske uttrykket, utdjupar ho.

– Det høyrest kanskje litt svevande ut, men for meg er det heilt konkrete kjensler.

Tilbakelent og koseleg

Så langt har gruppa planar om å arrangere tre event i løpet av hausten. Lokale musikarar som Nils Horn og Endre Olsen vil bidra på scenen.

– Planen er at folk skal kose seg og at det blir ein tilbakelent stemning. I tillegg vil det bli ein eigen improvisasjonsdel der me kastar oss over dagens ros og klage i Sunnhordland. Dei som er med får ikkje utdelt teksten på førehand, og må dermed improvisere innhaldet på best mogleg måte.

Å lytte til enkelthistorier

– Er det nokre spesielle historier de er på jakt etter?

– Nei, seier Thoresen, – Men me ønskjer noko som er ekte, der ein forstår at dette er av betydning for den som har opplevd det. Det er ein del ting me opplever i løpet av livet som blir veldig stort for oss.

– Det er ikkje sikkert det me opplever engasjerer alle i like stor grad, då dei gjerne har nok med sitt. Eg har veldig respekt for at me opplever ting ulikt. Samtidig trur eg også me kan stoppe opp og lytte til enkelthistorier, bruke litt tid på det og lære å forstå andre.

- Annonse -