Høgre sine ordførarkandidatar på Stord (Øyvid Kyvik) og i Haugesund (Harald Larsen Lønning) meiner tingrettane i byane snarast bør gå i dialog om frivillig samanslåing.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Høgre sine ordførarkandidatar på Stord og i Haugesund meiner tingrettane i byane snarast bør gå i dialog om frivillig samanslåing.

Tysdag skreiv Stord24 om at direktøren i Domstolsadministrasjonen, Svein Marius Urke, på lang veg avviste tanken om å å slå saman Sunnhordland og Hardanger tingrett.

Han seier Domstolsadministrasjonen vil legge fram sak om samanslåing mellom Sunnhordland og Haugaland tingrett.

Det er domstolskommisjonen som skal ta den endelege avgjersla til hausten, der Urke sit som eitt av medlemmene.

– Har sagt dette frå dag ein

Signala frå domstolsdirektøren gjer ordførarkandidaten til Stord Høgre, Øyvind Kyvik, opprørt. Han meiner dette viser urealismen i å slå saman Sunnhordland og Hardanger tingrett.

– Han seier det ikkje er realistisk med samanslåing av Hardanger og Sunnhordland tingrett. Det har eg sagt frå dag ein.

- Annonse -
- Annonse -

Kyvik kjem med skarp kritikk mot ordføraren og Samarbeidsrådet for Sunnhordland, som har valt å jobbe politisk for samanslåing med Hardanger.

– Eg er mildt sagt ganske opprørt av det ordføraren og Samarbeidsrådet har prestert i denne saka. Dei har sysla vekk tidenes moglegheit til at me kunne ha sett oss i førarsetet i denne saka.

Får støtte frå Høgre i Haugesund

Kyvik meiner tingretten på Stord snarast bør gå i frivillige drøftingar med Haugaland tingrett, slik at ein eventuell samanslåing sørover skjer på frivillige premissar. Han får støtte i Høgre sin ordførarkandidat i Haugesund, Harald Larsen Lønning.

– Det er fornuftig av Domstoldirektøren å innstille slik Høgre på Stord og i Haugesund ønskjer. Det gir ein betre teneste og eit tettare samarbeid på tvers av kommunegrensane. Sammenslåinga vil bidra til endå tettare samarbeid mellom Haugesund og Stord, seier Lønning.

Øyvind Kyvik fryktar at avgjerda til Samarbeidsrådet, om å berre jobbe for samanslåing med Hardanger, kan setje heile tingretten på Stord på spel.

– Dei har drive å rota med Hardanger, med ei løysing som ikkje er framtidsretta i det heile teke, i staden for å jobbe for ei frivllig samanslåing med Haugesund. No fryktar eg at tingretten rett og slett kan bli lagt ned.

Kyvik er også uroa for jordskifteretten. Han viser til at det i framtida kanskje vil bli krav om samslåing av tingrettar og jordskifterettar, og meiner at dersom ikkje Stord då ikkje har ein oppegåande tingrett, kan jordskifteretten bli bestemt flytta til Hagesund.

– Eg kjem til å gjere mitt for at me framleis skal klare å ha ein tingrett på Stord. Då er løysinga ei frivillig samanslåing med Haugesund. Blir me samde, så kan domstolsadministrasjonen berre godta det, då treng det ikkje ein gong kome opp til politisk handsaming.

Ordførar Gaute Epland. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Vitner om lite innsikt i saka

Ordførar Gaute Epland (Ap) stiller seg uforståande til kritikken frå Kyvik.

- Annonse -

– Eg må sei eg undrar meg over dei sterke karakteristikkane frå Kyvik, og eg synest det vitnar om lite innsikt i saka når han beskriv ei samanslåing mellom Sunnhordland og Haugaland som «tidenes moglegheit». Og det blir nærast parodisk når han hevdar at det er samarbeidsrådet som set tingretten på Stord i fare.

Epland seier dei har gjort grundige vurderingar når ein har valt løysinga med å gå for samanslåing av Hardanger tingrett. Han trur tvert i mot ei samanslång med Haugesund på sikt kan bety ei nedlegging av tingretten på Stord.

– Når Samarbeidsrådet har landa på at me vil jobba for samanslåing mellom Sunnhordland og Hardanger tingrett, er det etter grundige vurderingar. For det første er dette ei samanslåing begge tingrettane ønskjer og ser som gjensidig positiv.

– Meir langvarig løysing

– For tingretten på Stord betyr dette, i motsetning til ei samanslåing med Haugaland, at me vil behalda stadleg leiing. Dette er og ei løysing som truleg vil vera meir langvarig enn ei samanslåing med Haugaland, som det er grunn til å tru kan bli første steg mot nedlegging på Stord.

– Men kva tenkjer du om signala frå domstolsdirektøren?

– Eg registrerer at leiaren for domstolsadministrasjonen er avventande og synest meine at dette ikkje er ei stor nok samanslåing. Til det vil eg sei at leiaren for domstolskommisjonen i møte med Hardangerrådet har vore langt meir positiv til ei slik samanslåing, og har vore tydeleg på at ein vil leggja vekt på lokal semje.

Epland meiner ordførarkandidaten til Høgre driv valkamp, og oppmodar han heller om å samle seg om Hardanger-løysinga og skaffe drahjelp frå Stortinget.

– Det er sjølvsagt ikkje gitt at me vil få dette til. Det vil krevja politisk arbeid, noko samtlege kommunar i Sunnhordland og Hardanger med unnatak av Kvinnherad er innstilt på. Det hadde og styrka saka om Kyvik for ein augneblink ville leggja valkampen til side og saman jobba for det beste for Stord og Sunnhordland.

Gro Jensen Gjerde i Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

– Dette sa han ikkje på møte

I sist referat frå Samarbeidsrådet for Sunnhordland står det at rådet fekk positive signal om samanslåinga av tingrettane i Sunnhordland og Hardanger, trass i at domstolsdirektøren seier det stikk motsette.

Dagleg leiar i Samarbeidsrådet, Gro Jensen Gjerde, fortel at dei ikkje var kjent med dei negative signala frå domstolsdirektøren.

– Korleis kan de då skrive i referatat at det var positiv stemning?

– Me hadde mange løysingar oppe då me var i møte med Urke. Me var ikkje kjent med at han var negativ. Det sa han ikkje då me var i møte med han. Men Hardangerrådet har også vore i møte med Domstolskommisjonen, der dei fekk positiv tilbakemelding. Poenget er at Urke ikkje er leiar i domstolskommisjonen, som skal ta avgjerda, seier Gjerde.

Domstolskommisjonen skal ta avgjerd om domstolstrukturen til hausten.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -