Korleis kan me skapa lyspunkt og variasjon i dagane som kanskje glir over i kvarandre? Eg har eitt konkret råd; Oppsøk naturen! Bryt opp kvardagen.
Av: Mette Rydjord, Stord
Idrettspedagog og friluftsentusiast
Er du ein av mange som har erfart og sitja langt inne i skogen rundt eit bål, veit du kor fengslande og paralyserande det kan opplevast.
Ein stirrar inn i flammene, observerer korleis dei dansar seg opp mot den klare himmelen, samstundes som dei sender ut ørsmå stjerneskot med ein tilhøyrande knitrande lyd. Det gjer ei kjensle av ro og nyting.
Kortreist påskeferie
Snart er det tid for gule, små påskekyllingar i alle fargar og fasongar, 10-pakningar med Kvikklunsj og litervis med Solo-brus.
Det er liten tvil om at denne påska blir annleis enn kva me er van med. Me er bunden opp til heimkommunen og me kan ikkje dra til ferieparadis og høgfjellshytter. Då skal me prisa oss lykkeleg over at det finnast eit hav av stader me kan utforska her heime.
Ein treng ikkje å dra langt eller ha det siste og beste utstyret. Friluftsliv er lågterskel og tilgjengeleg for dei fleste. Å laga mat ute, undra seg over maur og sildrande bekkar, la lukta av vår og bålkos leika seg i nasen, høyra dei på dei naturlege lydane og sjå på fargespelene, er avslappande og opnar sansane våre.
Oppsøk naturen i nærområda
Korleis kan me skapa lyspunkt og variasjon i dagane som kanskje glir over i kvarandre? Eg har eitt konkret råd; Oppsøk naturen! Bryt opp kvardagen.
Effekten av å komma seg ut og nytta sansane er utruleg verdifull. Me bur på ein eineståande plass med tanke på friluftsliv, og, i motsetnad til i storbyane, er det faktisk ein god mogelegheit for at du ikkje møter på nokon i det heile på din landeveg. Me har både sjø, fjell, skog og turvegar.
Eg veit at det er særs mange friluftsglade folk på Stord, men eg veit òg at det er mange som vert overraska når dei får høyra om friluftslivets mange mogelegheiter på øya. Det finnast fleire hjelpeverktøy som kan gje både inspirasjon, tips og råd til kor ein kan dra og kva ein kan finna på, men ein må våge å utforske. Ut.no, Stord-Fitjar Turlag (DNT), og Visit Sunnhordland er gode kanalar for informasjon.
Friluftsliv og naturopplevingar som ei kjelde til god mental helse
WHO peikar på at livsstils- og miljøfaktorar påverke menneskets helsetilstand med heile 70%. Fleire forskingsartiklar konkluderer med at friluftsliv har mange positive innverkingar på menneskje, anten fysiologisk, psykologisk eller sosialt. Rapport frå det nordiske miljøprosjektet ”Friluftsliv og psykisk helse» utgitt av Miljøverndepartementet i samarbeid med Nordisk Ministerråd, skrivar mellom anna at konklusjonen er klar; «De naturbaserte fritidsaktivitetene synes å ha den avgjort mest allsidig positive effekten når det gjelder psykisk helse».
Den viser til naturopplevingar som metode for auka livskvalitet og oppleving av «flow», eit ofte brukt begreip innan folkehelsevitskapen, som seier noko om kjensla av lykke og indre motivasjon. Videre legg rapporten vekt på bruken av natur og friluftsliv i terapeutisk samanheng, der kompetanse, eigenkontroll og meining opplevast som meir velfungerande for menneskje).
I denne tida er det kanskje viktigare enn nokon gang å fokusera på faktorar som kan påverke den mentale helsa vår i ein positiv retning. Uansett utgangspunkt, vil innsatsen ein legg ned i ein tur, vere ein kjelde til indre motivasjon. Ein aktivitet som er fri for prestasjonsjag og konkurransepreg. Ein stad ein berre kan vera.
Med indre motivasjon, skapar ein lyst og meistringskjensle. Kanskje noko me treng enda meir av akkurat no?
Reduserer stress
Det er også gjennomført studiar som tydar på at friluftsliv kan bidrege til å redusera stress og gje ei kjensle av ro. Kaplan & Ulrich miljøpsykologiske teori (1989) peikar medan anna på korleis menneskets samspel med naturen har stor betydning for den mentale helsa vår.
Der legg ein vekt på at også ikkje-levande naturelement kan ha ei positiv innverking på psykisk helse. Eit eksempel på dette, er å sitte rundt eit bål ute i naturen. Ei slik bålstund aktiverer det parasympatiske nervesystemet. I motsetnad til det det sympatiske nervesystemet, der konsentrasjon og fokus er hovudmål, vil eit aktivert parasympatisk nervesystem få deg til å slappa av, restituere og gjenoppbygge.
Dette kan vere viktig å ta med seg inn i kvardagen i ei uoversiktleg tid – då den spesielt peikar på behovet for stabile omgjevnadar for menneskjer som kjenner på ein eller anna form for uro.
Så, medan me har ei pause ifrå hastigheitenes tid; Kanskje det er no ein skal læra seg å tenna eit bål? Tenna eit bål – for ro, håp og glede.
Her kan du lesa meir om sikkerheit og praktiske tips til korleis ein lykkast med bålet: https://inspirasjon.ut.no/bal-naertur/bal-nar-hvor-og-hvordan/100765
- Dette er eit bidrag til Stord24 sin satsing på borgarjournalistikk i koronakrisa. Me inviterer lesarane våre som har tid og ressursar til å bidra med tekstar, som gjerne kan inspirere og hjelpe folk i lokalsamfunnet i dei annleise tidene me no går gjennom. Bidrag kan sendast til redaksjonen@stord24.no.