Illustrasjonsfoto: Pixabay
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Mannen frå Sunnhordland er tiltalt for å ha manipulert og trakassert tre norske kvinner på nettet.

Mannen blei avslørt av NRK, som brukte store ressursar på å avsløre identiteten og nøste opp i ugjerningane gjort av mannen, som dei har kalt «Edderkoppmannen».

Gjennom bruk av falske identitetar har sunnhordlendingen på ein kynisk måte manipulert og trakassert norske kvinner på nettet.

Politiet på Stord har hatt ansvar for etterforskinga av mannen 30-åra, som er busett i ein kommune i Sunnhordland.

Tiltalt for krenking og personforfølging

No har påtalemakta teke ut tiltale mot mannen, for å ha krenka ein annan persons fred, og for personforfølging.

Han er tiltalt for å ha krenka Maiken Skoie Brustad (26), som sto fram i NRK-reportasjen. Mannen kontakta ho i oktober 2016 under det falske namnet «Kristian Hansen», og utgav seg for å leie eit trykkeri. Han gav uttrykk for at han hadde fått bestillingar frå plakatar som skulle vise intime bilete av Brustad, og at desse var bestilt i fleire eksemplarar til ei adresse i London. Epostane skapte stor bekymring for Brustad.

- Annonse -
- Annonse -

– Han har øydelagt så mykje for meg og andre. Han fortener så sinnsjukt mykje å bli teken for det han har gjort, sa Brustad etter at NRK-journalistane hadde avslørt identiteten til mannen.

Utnytta kvinnene

Sunnhordlendingen kontakta også Brustad og ei anna ung kvinne under namnet «Oscar Persson» over epost. Han oppgav at han arbeidde for den fiktive nettstaden «slettamig.se», der han opplyste at intime bilete av kvinnene var på avvege, og at han ønskte å hjelpe.

På denne måten let han kvinnene tru at han ville hjelpe dei med å slette private og intime bilete som var kome på avvege på nettet. Føremålet var likevel ikkje å slette bileta, men å skaffe meir personleg informasjon om kvinnene.

- Annonse -

Han er også tiltalt for personforfølging mot ei tredje kvinne. Mannen kontakta kvinna på epost og Messenger, under det same fiktive namnet «Oscar Pesson». Også ved dette høve gav han inntrykk av at han hadde kjennskap til intime bilete av kvinna spreidd på nettet.

I realiteten hadde han derimot ikkje til føremål å hjelpe kvinna. Han lukkast ikkje med å etablere kontakten, då kvinna ikkje følgte opp førespurnadane.

Teke beslag i datautstyr

Under etterforskinga har politiet teke beslag i ei rekkje teknisk utstyr. Ein iPhone, eit nettbrett, ein datamaskin og eit minnekort.

Mannen risikerer fengsel i inntil to år dersom han vert dømt.

Forsvararen til mannen, Håkon Velde Nordstrøm, ønskjer ikkje å kommentere saka.

– Eg har ikkje fått snakka med han. Eg har difor ingen kommentar til saka, seier Nordstrøm til Stord24.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -