Ein av traséforslaga for ny E39 over Stord. Skisse: Statens Vegvesen
- Annonse -

Statens Vegvesen erkjenner behovet for ei snarleg avklaring for kva areal som skal bandleggast på Heiane i samband med ny E39.

Sjølv om kommunedelplanen for ny E39 mellom Heiane og Ådland Bru vart vedteken i sommar, kan det gå fleire år før detaljreguleringa blir sett i gang. Grunnen er at vegen ikkje ligg inne på Nasjonal Transportplan.

Det skapar trøbbel for kommune og utbyggarar, og særleg Fronta, som har store utbyggingsplanar i området Heiane Sør. Desse planane må setjast på vent fram til Vegvesenet har bestemt seg for vegtrasé og kryssløysingar.

Hastar med regulering

Dette er bakgrunnen for at Fronta og leiar i forvaltningsstyret Nils Magne Blålid (SV) nyleg hadde møte med representantar frå Statens Vegvesen for å lufte bekymringane.

– Det hastar med å få regulert E39. For utbyggar som har investert betydelege beløp i tilrettelegging av nye nærings- og bustadområde, er det viktig å få snarleg avklaring av framtidige reguleringsspørsmål i Heiane-området, skriv Tore Bjelland i Fronta i møtereferatet.

- Annonse -

Fronta har for fleire år sidan utarbeidd ein områdereguleringsplan for den nye bydelen i Heiane Sør, som omfattar deler av dagens E39 med nytt toplankryss og næringsområde, bustadområde, skuleanlegg og barnehage.

– Vedteken plan for ny E39 fører til at denne reguleringsplanen må endrast og vidare utbygginga av Heiane Sør må stå på vent til ein får regulert ny kryssløysing med tilførselsvegar frå ny E39.

Ser behovet

I følgje referatet sa Statens Vegvesen i møtet at det framleis er uaktuelt å starte opp detaljregulering av vegen så lenge det ikkje ligg inne midlar til sjølve utbygginga. Men dei er likevel positive til å få ei tidlegare avklaring når det gjeld arealet på Heiane.

– Vegvesenet ser også behovet for snarleg arealavklaring særleg i Heiane-området, og vil melde inn behovet for planmidlar til leiinga i Statens Vegvesen med tanke på å få ei rask avklaring.

Vil ha E39 i bru

Fronta ønskjer at påkoplinga til ny E39 skal skje nord for Meatjødna. Dei ønskjer å leggje vegen i bru over Sagvåg-vegen, slik at området Heiane Vest får minimale følgjer for den nye vegen.

– Dersom Stord kommune og Statens Vegvesen kan leggja dette til grunn som planføresetnad, vil vidare frådeling og sal av tomter i denne delen av Heiane Vest ikkje vanskeleggjere framtidig reguleringsarbeid, skriv Fronta.

Kommunalsjef i Stord kommune, Lovise Vestbøstad har tidlegare delt dei same bekymringane som Fronta kom med i dette møtet.

– Dette har konsekvensar for planlegginga og ikkje minst for næringslivet vårt. Så at dette blir dratt ut i tid er ikkje ønskjeleg i det heile teke, sa ho til Stord24 tidlegare i haust.