Foto: Aibel
- Annonse -

Nettstaden E24 melder om mogleg sal av oljeserviceselskapet Aibel, som har base i Haugesund. Kværner vert nemnt som ein mogleg oppkjøpar.

Det er nyheitsbyrået Bloomberg som først melde at ein amerikansk investeringsbank er engasjert med tanke på eit planlagt sal av oljsekonsernet Aibel, som har base i Haugesund. Konsernet skal vere prissatt til 4 milliardar kroner.

Analytikar Magnus Olsvik Kepler Cheuvreux seier til E24 at Kværner er blant dei som har finansielle musklar til å kjøpe verftet.

– Finansielt sett har dei moglegheit til det. Kværner har tre milliardar kroner i kontantbeholdning og ingen gjeld, så dei stiller sterkt. Men det vil også kunne vere eit konkurranseaspekt ved ein slik avtale, fordi dei ville blitt den eine dominerande aktøran i Norge ved ein samanslåing, seier Olsvik.

Ein annan analytikar skildrar eit eventuelt oppkjøp frå Kværner som «ei delikat sak», fordi alle dei tre offshore-verfta i Norge då vil vere samla i eitt konsern: Stord, Verdal og Haugesund.

Nettavisa viser til at både Kværner og Aibel har til felles at dei jobbar hardt med å finne nye segment å tene pengar på, mellom anna innanfor oppdrett og fornybar energi. Samtidig samarbeider konserna tett i samband med oppgraderinga av Njord-feltet.

- Annonse -

– Spørsmålet er om ein klarar å finne så mange alternative inntektskjelder, slik at ein kan oppretthalde nok aktivitet ved alle verfta i åra framover, skriv avisa.

- Annonse -