Susan Abdallah frå Stord deltok på Migrasjonsdagen på Stortinget. Foto: Stortinget
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ap-politikar Susan Abdallah frå Stord var ein av 35 folkevalde med innvandrarbakgrunn som deltok på Migrasjonsdagen på Stortinget denne veka.

Ved førre lokalval nytta berre 30 prosent av utanlandske statsborgarar seg av røysteretten sin. Blant innvandrarar med norsk statsborgarskap var valdeltakinga 40 prosent, samanlikna med 60 prosent for heile befolkinga.

Og blant politikarane er innvandrarrepresentasjonen dårleg. Berre fem prosent av dei folkevalde har innvandrarbakgrunn, syner tl frå SSB.

Dette er bakgrunnen for at Migrasjonsdagen vert arrangert på Stortinget. Måndag denne veka var fjerde gong arrangementet blei arrangert, og tredje gong for Susan Abdallah frå Stord.

Abdallah, som er leiar for det nye kontaktutvalet for innvandrarar på Stord, seier til NTB at det er viktig at folkevalde snakkar med folk personleg.

– Dersom me vil ha endring, må folk gå ut og røyste. Endring skjer ikkje av seg sjølv. Det viktigaste er ikkje kven ein stolar på, men at ein brukar røysteretten. Det er viktig at folk har trua på at det er moglegheit for endring, seier ho.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Målet med arrangementet er å skape ein møtestad der folkevalde med innvandrarbakgrunn kan hente motivasjon og få dele erfaringar med kvarandre og med stortingsrepresentantar.

– Me trur at fleire innvandrarar vil røyste ved valet dersom dei ser at politikarar representar dei. Å sikre god representasjon krev felles innsats frå alle politiske nivå, og på tvers av det politiske spekteret, seier visepresident på Stortinget, Eva Kristin Hansen (Ap).

Dei folkevalde diskuterte ulike idear til tiltak for å få opp engasjementet hos innvandrarar. Å gi borgarar informasjon om val på ulike språk, tilby introduksjonsprogram om det politikse systemet i Norge, og aktivt gå inn for å mobilisere veljarar, var nokre av forslaga i salen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -