DEBATT: – Dei planlagte nedskjæringane i offentlege barnehagar vil også kunne få konsekvensar for dei private barnehagane på Stord
Av: Liv Jorunn Alvsåker,
føresatt ved Furuly barnehage
Stord kommune har vedtatt å redusere utgiftene til dei kommunale barnehagane med to millionar kroner i budsjettet for 2020. Som følgje av dette har rådmannen lagt fram forslag om å redusere antal kommunale barnehageplasser i Stord. Dette inneber nedlegging av enten Sagvåg barnehage avd. Nysæter pluss 12 plassar i Skogatufto barnehage eller nedlegging av Furuly barnehage i sin heilheit.
Som føresett til barn i Furuly barnehage er eg sterkt uroa over kommunen si framferd i denne saka.
Me som foreldre stiller spørsmålsteikn ved kva utrekningar som ligg til grunn for dei planlagde innsparingane.
I eit innlegg frå 27.11.19 syner styrar i Valvatna FUS barnehage Hildegunn Grundvold og styrar i Naustvågen barnehage Mona Vaage, begge private, til at Stord kommune allereie brukar mindre per barn i barnehage enn det dei nasjonale satsane tilseier. Dei nasjonale satsane per barn er følgjande for 2020:
0 – 2 år = kr. 231 600.- pr. barn i barnehage
3 – 6 år = kr. 111 800.- pr. barn i barnehage
I følgje innlegget er Stord kommune sine satsar følgjande per barn i 2020:
0 – 2 år = kr. 208 829.- pr. barn i barnehage
3 – 6 år = kr. 99 183.- pr. barn i barnehage
I Stord kommune er tilskotet til private barnehagar styrt av kommunen sine utgifter til offentlege barnehagar. Dersom den planlagte nedskjæringa i dei kommunale barnehagane vert gjennomført, kan ein konsekvens bli at kommunen på sikt kan kutta ytterlegare i tilskot per barn i barnehage på Stord.
Det vil seie at dei planlagte nedskjæringane i offentlege barnehagar, ikkje berre vil få direkte konsekvensar for dei aktuelle barnehagane som no står i fare for å bli nedlagt, det vil også kunne få konsekvensar for dei private barnehagane på Stord gjennom lågare tilskot per barn.
Har Stord kommune eit langsiktig mål om å redusera tilskot til alle barnehagar på Stord?
Dersom dette er det langsiktige siktemålet for kommunen med å føra ein slik politikk, må dette koma tydeleg fram og ikkje haldast skjult for innbyggjarane. Eg meiner at dette aspektet ikkje er godt nok belyst i saksutgreiinga frå rådmannen.
Me som foreldre aksepterer ikkje å verta haldne for narr i denne prosessen, ved at kommunen skyv føre seg argumentet om overskot av barnehageplassar på noverande tidspunkt, og behov for kortsiktige kutt for å få budsjettet i balanse, medan hovudårsaka til å kutte antal barnehageplasser kanskje er å gje langsiktig innsparing i heile barnehagesektoren, både offentleg og privat.
Me aksepterer ikkje at nedlegging av vår barnehage vert brukt som middel for at kommunen på sikt skal redusere løyvingane til alle barnehagar på Stord.
Me forventar at utrekningane som ligg til grunn for den planlagde innsparinga vert tydeleggjort i forkant av at saka skal handsamast i kommunestyret. Dersom hovudmålet til kommunen er økonomiske nedskjæringar langt utover dei to millionane som skal sparast i 2020-budsjettet, må dette seiast i klartekst av dei ansvarlege makthavarane.
Å leggja ned velfungerande barnehagar får djuptgripande konsekvensar for born, familiar, tilsette og nærmiljøet. Eit så drastisk vedtak må ikkje fattast på eit sviktande faktagrunnlag.