Foto: Jarle Vines/Wikipedia (CC-lisens)
- Annonse -

Ein lastebil har fått driftsstans og står no i ein havarilomme inne i tunellen.

Klokka 12:55 meldte Politiet i Sør-Vest på Twitter at Bømlafjordtunellen var stengt grunna ein lastebil med driftsstans. Politiet rykka ut for å bistå.

I 13:10-tida vert det opplyst at lastebilen har kome seg ut av vegbanen.

– Den har kome inn i ein havarilomme og tunellen har opna med redusert fart, opplyser Jøran Solheim, operasjonsleiar i Politiet i Sør-Vest sin operasjonssentral.

Solheim opplyser at sjåføren av lastebilen sjølv skal ta hand om bestilling av bergingsbil og at politiet er ferdige på staden.