Bensinstasjonen YX på Heiane blei rana i sommar. Foto: Google
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein 25 år gammal mann frå Stord rana bensinstasjonen YX Heiane og truga ein tilsett med kniv i sommar.

Det var ikkje store utbyttet mannen satt igjen med etter det dramatiske ranet 5. juli i år. 2000 kroner og fem pakningar med rulletobakk var det han fekk med seg etter å ha truga ein tilsett med kniv på YX-stasjonen på Heiane.

Tiltalte sin forklaring stemte med kvinna som vart truga. Under ranet tok 25-åringen fram ein tollekniv med eit circa 9 cm langt blad frå bukselinninga og haldt dette mot kvinnna medan han fekk ho til å legge 2000 kroner i kontaktar i ei pose.

Berre nokre dagar seinare vart mannen, som ikkje blei varetektsfengsla for ranet, involvert i nok ei hending. På Spar-butikken på Ådland naska han med seg 22 pils og kom han med trugslar mot nokre menn med utanlandsk opphav.

Trugslar

Mannen hadde ein telefonsamtale då han sa mellom anna at ‘dei måtte komme seg tilbake til der dei kom frå’ fordi dei ‘ikkje var velkomne her’ og at han ‘måtte gå før han tok livet av dei’.

- Annonse -

Retten kom etter noko tvil fram til å ikkje dømme mannen for denne trugselen, då dei meiner det er innanfor ytringsfridomen.

Då politiet kom til heimen hans seinare på kvelden fann dei åtte tabletter med Rivotril.

Tilsto ranet

I retten tilsto mannen ranet på YX-stasjonen, noko retten ser mest alvorleg på.

– Det klart alvorlegaste forholdet i tiltalen er knivranet. Etter retten sitt skjønn ville dette forholdet isolert sett vore straffa med fengsel i circa eitt år og tre månadar.

Sidan 25-åringen har tiltalt forholdet får han strafferabatt, sidan dette har minska politiet sin arbeidsmengd. Retten kom difor fram til at 10 månadar er ein passeleg fengselsstraff for mannen, med fråtrekk av 155 dagar som han har sona i varetekt.

Tiltalte er domfelt tre gonger tidlegare. Dette gjeld i hovudsak vald, men han er også tidlegere domfelt for trugslar.

- Annonse -