Det var her i Leirvik hamn at familien blei krenka av ein båtturist frå Vindafjord. Illustrasjonsfoto: Redningsselskapet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein mann i slutten av 40-åra frå Vindafjord kalte ein båtturist for «jævla barnemishandlar» og spytta i båten hans medan heile familien høyrde på.

Det var 30. juni i år at mannen kom med dei krenkande kommentarane mot ein familie med tre barn då dei var om bord i ein båt.

I Haugaland tingrett forklarte familiefaren at dei hadde bestilt seg take away-middag og var på veg vekk frå hamna i Leirvik, då tiltalte kom med dei krenkande kommentarane frå sin eigen båt, som låg fortøyd like ved.

Spytta og krenka familien

Då dei såg kvarandre sa tiltalte «hva faen er det du står å flire etter?» og ropte «jævla barnemishandler» medan heile familien høyrte på. Han spytta så etter båten, og traff i eit sete bak i båten, like ved der eit av barna sat.

Retten er ikkje i tvil om at episoden skjedde slik fornærma forklarte, og viser til ein melding som tiltalte sendte til ein ven rett etter episoden:

«Hehehehe, traff på NN og ungene når jeg fortøydde til kai her på Leirvik. Han stod å gliste som et nek her, så jeg spurte hva han stod og liste etter, og kalte ham en sjuktpult barnemishandler, så både ungene og NN hørte dette [etterfulgt av fire geipe og lattergråtemojis]»

– Ikkje grunnlag for mistankane

- Annonse -
- Annonse -

Tiltalte og fornærma kjenner kvarandre frå barndommen, men har ikkje hatt kontakt på fleire år. Tiltalte forklarte i retten at bakgrunnen for skuldningane om barnemishandling er at det hadde kome han for øyre at faren var mistenkt for fysiske handlingar mot eit av borna.

Men retten understreker at fornærma verken har vore sikta eller dømt for straffbare handlingar mot barn, og at eventuelle mistankar som tiltalte har vore kjent med ikkje medfører at dei krenkande utsegna og handlinga kan forsvarast.

Begge foreldra forklarte i retten at episoden gjorde ungane veldig skremte, og at det kom mange spørsmål frå barna i dagane og vekene etterpå. Retten skriv at handlingane har fått direkte konsekvensar for dei involverte barna, då fleire i lokalsamfunnet fekk kjennskap til episoden og om ryktene om barnemishandling. Haugaland tingrett er dermed ikkje i tvil om at handlingane skal straffast.

- Annonse -

– Retten finn at tiltalte sine samla handlingar overfor dei fornærma utgjorde ein omsynslaus atferd, som krenka deira fred, skriv tingretten.

Krenka fleire i lokalsamfunnet

Mannen var også dømt for å ha sendt ein svært krenkande tekstmelding til ein annan mann i Vindafjord. I tillegg skreiv han ein epost som han sendte til mange offentlege etatar, og la ut den same teksten i ein Facebook-post, der han kom med grove personkarakteristikkar om ein familie.

Retten finn at mannen også er skuldig i begge desse to tiltalepunkta.

I straffeutmålinga skriv retten at kvar og ein av dei enkelte handlingane normalt straffast med bøter, men at dei samla gir grunnlag for fengselsstraff. I tillegg er det straffskjerpande at mannen har blitt straffa for tilsvarande krenkande handlingar tidlegare.

– Retten viser til at tiltalte ikkje syner å ha forståing for alvorlegheita av handlingane sine, også trass i den tidlegare straffreaksjonen, skriv retten.

Mannen blir dermed dømt til fengsel i 21 dagar på vilkår, med ei prøvetid på to år. Han må også betale sakskostnadar på 5000 kroner.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -