Illustrasjonsfoto: Pixabay
- Annonse -

– Forholda er svært alvorlege og med eit betydeleg farepotensiale, slår Sunnhordland tingrett fast om brannstiftinga, som dømer mannen i 20-åra til 75 dagars fengsel.

Mannen i midten av 20-åra frå Stord kasta i sommar frå seg sigaretter i terrenget ved to høve, medan det var ekstrem skogbrannfare.

Det førte til at mannen blei varetektsfengsla etter at det for andre gong på to veker oppsto tillaup til brann i Kårevik på Stord, under den ekstreme skogbrannfaren.

Mista sigarett i terrenget

Den første episoden skjedde natt til 10. juli. Midt på natta rykte eit brannmannskap på 14 stykk ut til ein skog- og grasbrann i Sæbøhaugen i Kårevik på Stord.

Brannen var forårsaka av at stordabuen mista ein sigarett i terrenget. Statsadvokaten meiner han unnlet i tilstrekkeleg grad å forsikre seg om at glørne var slukka, og forårsaka dermed brann i nærleiken av bustadar.

Om natta den 22. juli skjedde det ein gong til. Han kasta frå seg ein sigarett i eit terreng ved eit bustadfelt, trass i at langvarig tørke hadde skapt ekstrem brannfare i området, som medførte brann i umiddelbar nærleik av bustadar.

- Annonse -
- Annonse -

Politiet har tidlegare sagt at mannen skal ha vore rusa og har forklart at han hugsar lite av hendingane.

Trugslar mot politiet

Første veka i januar gjekk saka for retten i Sunnhordland tingrett. Heile ni vitne deltok i rettssaka.

Men det er ikkje dei einaste ugjerningane mannen vart dømt for. Under ein arrestasjon 22. mai kom han nemleg med drapstrugslar mot ein polititenestemann. Det skjedde etter melding om eit anna, mindre branntillaup i skogen der han budde.

Politiet fatta mistanke om at brannen vart påsett av tiltalte etter opplysningar frå naboen. Då politiet fekk kontakt med tiltalte framsto han som svært berusa, og hadde låst seg inn i leilegheita.

Politiet gav han då eit ulitmatum om at han enten måtte kome ut, eller så ville politiet bryte seg inn og hente han. Han kom då ut og blei påsett handjern. Då tiltalte blei ført mot politibilen uttalte han «eg skal drepe famlien din» til ein politibetjent.

Mannen seier han ikkje hugsa noko av det som hadde skjedd, og har i ettertid beklaga det som han har sagt. Retten vurderer like fullt utsegna som ein trugsel, og at trugselen var eigna til å påverke politiet sitt arbeid.

Falsk naudsamtale

Den neste ugjerninga skjedde berre ei veke seinare.

Tysdag 29. mai ringte han til AMK-sentralen og opplyste at han var blitt knivstukken i låret. Men då ambulansepersonell og politi drog ut til staden med fire utrykkingskøyretøy, fann dei han sovande på golvet inne i leilegheita, utan skader.

- Annonse -

Tiltalte forklarte i retten at han ikkje hugsa å ha ringt AMK-sentralen, men at det kan ha vore eit desperat rop om hjelp. Retten understreker likevel at han har gitt falske opplysningar til AMK-sentralen, og at oppdraget blei gitt større ressursar enn det var behov for.

Sigarett forårsaka brann

Det neste tiltalepunktet gjekk på dei to tillaupa for skogbrann. Ved begge høve slår retten fast at brannen vart forårsaka av sigarettar som tiltalte hadde kasta frå seg.

Dette skjedde i ein tidsperiode då det var ekstrem skogbrannfare på Stord. Tiltalte erkjenner straffskuld for brannstiftinga.

Retten ser svært alvorleg på desse hendingane, og understreker at det var berre tilfeldigheiter som gjorde at brannen ikkje spreia seg til bustadhus i området.

– Forholda er svært alvorlege og med eit betydeleg farepotensiale. Brannane fann stad i umiddelbar nærleik til bustadhus og kunne medført omfattande skader på bebyggelse og i ytterste konsekvens medført tap av menneskeliv, skriv retten.

– Svært alvorleg

Hadde det ikkje vore for rask utrykking frå brannvesenet og at det var vindstille, kunne hendingane fått katastrofale følgjer.

– Då det dei aktuelle dagane var vindstille var det berre tilfeldigheiter, samanholdt med rask utrykking, som gjorde at ikkje brannen spreidde seg meir enn det dei gjorde. Retten ser svært alvorleg på dette.

Den unge mannen vart i 2016 dømt til ein fengselsstraff på 45 dagar på vilkår i Haugaland tingrett. Det betyr at denne straffa skal dømmast saman med det han no vart dømt for.

Forsvararen meinte at samfunnsstraff ville vere passande i denne saka, og viste til at tiltalte har eit stort alkoholproblem som han no er motivert til å få bukt med. Tiltalte sjølv kom med ønske om å gjennomføre soninga på ein slik måte at han kan kombinere det med å få hjelp til alkoholproblemet.

Retten kom fram til at mannen skal dømmast til 75 dagars fengsel. Han må sone 50 av dagane, der 25 dagar vert dømt på vilkår med ei prøvetid på to år.