Bistandsadvokaten til kvinna som forklarte seg om overgrepa frå faren, Eirik Teigstad (t.v.). Her saman med politijurist Marte Engesli Lysaker og aktor Tore Kulstad. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

51-åringen frå ein kommune i Sunnhordland er dømt til 19 års fengsel. Saka vil bli anka, seier forsvararen.

I følgje dommen er det utvilsomt 51-åringen hyppig og jamnleg hadde seksuell omgang med dottera si i åra 1999 til januar 2017, som var det mest alvorlege blant dei mange tiltalepunkta mot mannen.

– Hyppigheita av overgrep har variert frå fleire gonger om dagen til som regel minst fleire gonger i veka, heiter det i dommen.

Fysisk og psykisk mishandling

Mannen vart også dømt for resten av tiltalepunkta, som går på vald og trugslar mot eks-sambuaren og sonene. Retten skildrar at familien levde i eit terrorregime.

– Tiltalte har etablert eit regime  som har vore til stor psykisk belastning på dei fornærma. Eit regime der han reagerte med sinne, utskjelling, vald og/eller trugslar dersom dei opponerte mot han, sa ting eller opptrådte på ein måte tiltalte ikkje likte.

– Han har soleis utsett dei fornærma for fysisk og psykisk mishandling. Trugselregimet førte til at dei fornærma ikkje kunne opptre normalt i heimen. Dei blei gåande på «tå hev», og kjende seg ikkje frie til å opptre normalt som familie, skriv retten.

Ikkje forvaring

- Annonse -

Fengselsstraffa på 19 år er den same som aktor la ned påstand om, men dommarane meiner det ikkje er grunnlag for ein forvaringsstraff. Dette grunngir dei med at den lange fengselsstraffa er rekna som tilstrekkeleg for å ivareta samfunnsvernet.

– Retten peiker på at tiltalte ved endt soning vil vere 70 år gammal. Risikoen for nye straffbare forhold vil då særleg bli vurdert opp mot at tiltalte tek opp kontakten med dei fornærma eller etablerer nye tilsvarande relasjonar. Etter rettens skjønn framstår det ikkje som særleg sannsynleg at tiltalte i ein alder av 70 år vil oppnå dette, skriv retten.

Vanskeleg straffutmåling

Sunnhordland tingrett skriv vidare at saka er så alvorleg at det har vore vanskeleg å finne andre saker å samanlikne med.

– Den samla straffutmålinga i denne saka er vanskeleg. Det finst ikkje rettspraksis som er direkte samanliknbar. Ved den samla straffutmålinga må det leggjast vekt på at det tale om ein svært stor belastning på dei fornærma over lang tid, og at omfanget av dei seksuelle overgrepa er svært omfattande.

51-åringen er også dømt til å betale erstatning på over ein million kroner til dottera, eks-sambuaren og sonene sine.

Forsvararen til 51-åringen, Trond Hjelde, seier til Stord24 at saka kjem til å bli anka både på bevisvurderinga og rettsføringa.

- Annonse -