Sunnhordland tingrett.
- Annonse -

Ein 32 år gammal mann frå ein nabokommune klarte å gjere seg skuldig i tre lovbrot i løpet av same natt, under eit besøk på Stord i mai i år.

Domfelte har vore tiltalt for ei rekkje narkotika- og vinningslovbrot tidlegare, og kan etter mai-natta på Stord notere seg ei ny fengselsstraff på seks månadar for trugslar, innbrot og for å ha skamslått ein sovande mann.

32-åringen forklarte i retten at han var på Stord den gjeldande dagen for å hente noko på Stord lensmannskontor. Seinare møtte han ein kamerat som han drog ut på byen saman med. Seinare bestemte han seg for å dra på eit nachspiel på høgskulen på Rommetveit, der han visste at ekskjærasten var student.

Grove trugslar

Då han ikkje såg noko teikn til kvinna blei han høgrøysta og valdeleg, og kom med grove trugslar mot ein bekjent som han visste at ekskjærasten var saman med. 32-åringen sa han skulle drepe og/eller knekke nakken hans, og at han var villig til å sitje inne i 15-20 år for å få tak i vedkomande.

Seinare på natta gjorde han iherdige forsøk på å finne mannen, utan hell. Først tok han seg inn i ein bustad på Hystad. Bebuaren i huset forklarte seg i retten at 32-åringen romsterte rundt og spurte etter mannen. Etter ei stund gjekk han.

- Annonse -
- Annonse -

Verre gjekk det ut over bebuaren i eit anna hus på Hystad, som 32-åringen tok seg inn i ein halvtime seinare. Han tok seg inn på soverommet medan bebuaren sov, og slo til han slik at han fekk kutt på haka og bitar av ei tann slått ut.

Svært alvorleg

Retten skriv at dei ser svært alvorleg på desse to forholda.

- Annonse -

– Slike åtak i private heimar er svært alvorlege, og kjærasten til bebuaren, som var tilstades, forklarte at ho blei svært redd under og etter hendinga. Retten meiner at dette er svært alvorleg, noko som også gjeld den andre inntrenginga. Han blei også svært redd, og har hatt etterverknader, skriv retten.

Politiet har nytta fotokonfrontasjon for å bevise at det er 32-åringen som står bak alle dei tre forholda, der resultatet vart at dei fornærma peika ut den same personen.

– Retten er ikkje i tvil om at tiltalte var på høgskulen denne natta, og viser til forklaringa hans og forklaringa frå fornærma. Retten er heller ikkje i tvil om at det var tiltalte som tok seg inn i dei to bustadane. Retten legg avgjerande vekt på skildringane av inntrengaren, og at han oppførte seg på same måten i begge tilfella.

Skjerpande

32-åringen vart sist dømt til eit narkotikaavenningsprogram i Sunnhordland tingrett i april i år, som Kriminalomsorgen seier har vore vellukka.

Retten meiner det er formildande for 32-åringen for straffa at han er under rehabilitering, men meiner det er skjerpande at det gjekk såpass kort tid sidan dommen i april til han gjorde nye lovbrot.

Retten kom difor fram til at ei passande straff er seks månadar fengsel utan vilkår, som også var påstanden til aktor.

- Annonse -