Ulukka skjedde ved Lundegrend på Tysnes.
- Annonse -

Kvinna omkom etter å ha køyrt i fjellvegen ved Lundegrend nord på Tysnes. 

– Det er snakk om ein bil som har køyrt av vegen og i fjellveggen. Naudetatane er på staden og kan opplyse at det satt ein person i bilen og at vedkommende er stadfesta omkomen, fortel operasjonsleder Eivind Hellesund i Vest politidistrikt til NRK.no.

Det var klokka 12.50 at naudetatane fekk melding om ulukka.

Bladet Tysnes skriv at det var ei kvinne i 70-åra frå ei nabokommune som omkom i ulukka.

Politiet opplyser at vegen er delvis stengt i området, og kjem til å vere det lenge grunna gransking av ulukka.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -