Stord Kristne Skule har fått godkjenning frå Fylkesmannen til å drive skule i dette bygget på Heiane. Men manglar framleis godkjenning frå kommunen. Foto: Stord opplæringssenter
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Får ikkje starta skule, korkje i Podlen-bygget i Sagvåg eller på Heiane.

Skulen fekk hurtighandsama søknadane, grunna kort tid til planlagt skulestart til hausten. Men det var kanskje også eit teikn på at sakene var lette å handsame for Fylkesmannen i Hordaland.

Når det gjeld ankehandsaminga om søknaden om bruksendring i Podlen 2, er fylkesmannen usamd i at det har vore sakshandsamingsfeil av ein slik karaktert som gjer at vedtaket i kommunestyret er ugyldig.

Gir opp Sagvåg

Dagleg leiar i Stord Kristne Skule legg no ballen død om å etablere skulen i Sagvåg.

– Det er lite sannsyn for at me gjer noko meir med den saka no, opplyser Økland.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Som Stord24 skreiv i førre veke har skulen også søkt om å starte skulen på Heiane, i bygget til Stord opplæringssenter. Dette har fylkesmannen også sagt nei til. Årsaka er mellom anna for lite uteområde.

Dårleg uteområde

Men når det gjeld Heiane-alternativet har ikkje skulen gitt opp. Dei vil nytte dei neste vekene på å klage på vedtaket.

– Me vil no jobbe med å finne løysningar slik at me kan få eit uteområdetilbod som vert godkjend av fylkesmannen. Dette innan tre veker, som er fristen for å klage på vedtaket, seier Økland.

- Annonse -