Artisten Øystein Kloster var solist under konserten til Breibandet BigBand. Foto: Magne Langåker
- Annonse -

Det var topp stemning i Stord Jazzklubb då Breibandet BigBand og Stord Musikklag gjekk saman på scenen laurdag ettermiddag.

Det var Stord musikklag som tok initiativ til å samarbeide med Breibandet BigBand i denne helga si store jazzklubb-happening.

Eit samarbeid i storbandets teikn, som kan seiast å vere ein stor suksess. Det var nemleg ikkje berre rekord for Stord jazzklubb når det gjeld talet på musikantar på scenen, men det blei også publikumskord på Grand Hotell i går.

Klassisk storbandmusikk

Storband-leiar Rune Koppang i Breibandet BigBand fortel om ein svært travel helg.

– Det var klassisk storbandmusikk det gjekk i. Når det gjeld publikum på jazzklubben var dette godt overfor forventningane. Dei me spelte for å går er jo midt i smørauga for dei me prøvar å sikte oss inn på. Når me speler konsertar på Arena så kjem ikkje desse folka, seier Koppang.

Foto: Magne Langåker
- Annonse -
- Annonse -

Laurdag spele storbandet og musikklaget 45 minuttar kvar. Men på fredag haldt Breibandet konsert aleine på Samhald i over to timar. Koppang er spesielt nøgd med at dei fekk med seg Øystein Kloster på vokalen.

– Han er jo ein stor artist som arrangerer festivalar i Berlin, og speler i London og overalt. Så eg vil påstå at han her på Stord  ikkje er heilt godt nok profilert. Det synest eg er veldig synd. For han er ein stor entertainer.

- Annonse -
Øystein Kloster. Foto: Magne Langåker

Satsar på ungdom

Breibandet BigBand har eksistert sidan 2011, og har i tillegg til ein fast medlemmskare fokus på unge musikarar.

– Grunntanken bak storbandet er at me vil ha med oss ungdommar som går på kulturskulen og har lyst å prøve å spele litt musikk som dette. Me har hatt medlemmer som nett var konfirmert når dei begynte, og som me har tatt med på konsertar på mange utestadar rundt om.

– Me er ikkje berre interesserte i å plukke folk frå miljøet, men å ha ungdommar inn slik at dei får prøve seg på å improvisere, i tillegg til at me skal ha ein liten vaksen stamme i botn, seier Koppang som fortel at dei skal spele ein ny storbandkonsert i Maritime Hall i Haugesund neste helg.

Stord Musikklag under leiing av dirigent Preston Kingsly. Foto: Magne Langåker

 

- Annonse -