Rektor Leif Helge Engelsen frykta for framtida for Fitjar vidaregåande skule, med tanke på at fylkesdirektøren føreslår å opprette ei konkurrerande helse og oppvekt-linje ved Stord vidaregåande. Foto: Opplæringssenteret UiS
- Annonse -

Fylkespolitikarane sørgde for at den nedleggingstruga design- og handverklinja får leve vidare.

– Dette er den tredje gongen dei har forsøkt seg på ei form for nedlegging av Fitjar vidaregåande, og politikarane har respondert positivt kvar gong. Det synest eg er veldig bra, seier Leif Helge Engelsen.

Rektoren på Fitjar vidaregåande skule har den siste veka måtta brukt tid og krefter påm å protestere mot to parallelle forslag frå fylkesadministrasjonen, som ville ha svekka tilbodet på skulen kraftig.

Som Stord24 skreiv i førre veke føreslo fylkesrådmannen å opprette ein helse- og oppvekstlinje på Stord vidaregåande skule, som ein del av romprogrammet til den nye skulen som skal byggat på Vabakkjen.

Sjølv om Fitjar vgs ikkje var nemnd i den saka, er det ingen tvil om at eit slikt tilbod ville slått bein under den tilsvarande linja på Fitjar vidaregåande.

Den saka blei handsama av hovudutvalet for kompetanse og opplæring på torsdag, då det vart samrøystes vedteke å ta vekk punktet om ny helse og oppvekstlinje på Stord.

- Annonse -

I tillegg fremja fylkesrådmannen ei sak der nedlegging av design- og handverklinja på Fitjar sto på agendaen. Måndag blei også denne saka forkasta av politikarane.

– Det er klart at dette er veldig bra for ungdommane i region Sunnhordland at me no beheld dette tilbodet, og at politikarane så tydeleg seier i frå at dei vil ha ein skule på Fitjar. Dette er god distriktspolitikk, seier ein nøgd rektor på Fitjar.

Engelsen er spesielt glad for at begge sakene blei samrøystes vedteke av fylkespolitikarane.

– Klarar du å senke skuldrane dine med tanke på framtida til Fitjar vidaregåande no?

– Eg skulle ønskt eg kunne svare ja. Men den politiske plattforma i nye Vestland seier jo at dei skal ta vare på distriktsskulane. Eg håper dette kan bety at me no kan sjå framover, seier Engelsen.

– Blir det kakefeiring i morgon?

– Ja, no fekk eg jo vite dette såpass seint, men me må sjå om me finn noko på frysen og skal nok klare å vispe opp noko. Me må feire dei sigrane me kan.

- Annonse -