Hytta og tårnet på Stovegolvet kan bli eit ynda DNT-mål til neste år. Foto: DNT
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Bergen og Hordaland turlag er i dialog om å overta både den ombygde trafokiosken og hytta på Stovegolvet.

– Tårnet fungerer i dag som dagshytte og er eit ynda turmål på Stovegolvet. Me ønskjer å utvikle dette turmålet med å også kunne tilby overnatting, skriv hytte- og rutesjef Johnny Bjørge i Bergen og Hordaland turlag i eit brev til Stord kommune.

Om alt går etter planen kjem DNT til å restaurere hytta og opne den som ei DNT-hytte for ålmenta.

– I tillegg til restaurering av hytta er det behov for å setje opp eit bygg til toalettløysing og lager, skriv Bjørge.

Rehabiliteringa kan starte neste år

Turistforeninga søkjer dispensasjon for tiltaket, då det ligg i eit LNF-område.

Bjørge seier til Stord24 at han håpar rehabiliteringa av hytta kan starte neste år, dersom alt går etter planen. Dei har blitt einige om kjøp av hytta med Stord tinde- og klatreklubb, som har eigd hytta sidan 1990-talet.

- Annonse -
- Annonse -

– Me har hatt møte med grunneigar og klatreklubben, og me er blitt einige om det formelle. Så har me også inngått avtale med SKL om å overta tårnet. Det står framleis att nokre formalitetar før me går i gang med bygginga. Men dersom alt går etter planen vil me rehabilitere til neste år.

– Kor mange sengeplassar kjem de til å tilby her?

– Eg har ikkje begynt å teikne på det, men det kan fort bli 12-15 senger. Men det vil vise seg.

Stord klatreklubb har hatt DNT-hytta i eige sidan 1996. Foto: DNT

Det er DNT i Hordaland som vil stå for finansieringa av prosjektet. Bjørge vil ikkje ut med noko tal for kva det vil koste, men seier at hytta må totalrenoverast.

– Dette er noko me gjer i samarbeid med Stord/Fitjar turlag. Det er dei som vil få driftsansvaret når dette blir ferdigstilt, men finansieringa er det me som står får. Me vil søkje diverse instansar for å få bidrag.

Bjørge er også interessert i å kome i kontakt med velgjerarar i Stord-samfunnet som kunne tenkje seg å sponse turisthytta.

- Annonse -

– Viss de har nokre bidragsytarar som er interessert i å spytte i litt er me veldig glad for det. Me treng litt ekstern finansiering.

– Me må jo ha eit prosjekt

Leiar i Stord/Fitjar turlag, Gerda Øen, fortel at det var ho som hadde ideen til prosjektet.

– Eg fekk jo ideen til dette. Eg syntest det var for gale med denne fine hytta som berre sto der, og som kunne hatt gode kvalitetar. Og så må me jo alltid ha eit nytt prosjekt i turlaget.

Øen trur hytta kjem til å bli eit svært populært turistmål.

– Det er jo langt frå alle som har ei hytte sjølv. Då er jo dette ein fantastisk plass, og eit flott turmål der ein kan ta med ungar og kjenne på mestringskjensla og så få overnatte på toppen. Her ser ein sola gå opp og sola gå ned. Det kan bli kjempebra.

Leiar Gerda Øen med den aller nyaste medlemen i Turlaget, Tore Sigurd Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.

Kan bli servering

Ho fortel at det førebels ikkje er teke stilling til om det skal vere ei sjølvbetent hytte, eller om det også kan bli servering.

– Det blir iallfall ei hytte med kjøkken. Så er det ikkje bestemt om ho blir sjølvbetent. Tårnet vil fungere som ei sikringsbu, i tilfelle brann.

Slik praksisen er i hyttene til DNT skal ein skal kunne booke ein del av sengeplassane, og elles blir det først til mølla.

– Det kjem nok til å bli stor pågang, seier Øen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -